Hopp til innhold
Plateomslag frå «Bondegrammatikk»
Plateomslag frå «Bondegrammatikk»
X
Innhald

Jaa9 & OnklP

Jaa9 & OnklP, rapduo frå Lillehammer som har gitt ut to album og fleire singlar og mix-tapar, kjende for rappkjefta, frekke meldingar på folkeleg austlandsmål.

Johnny Engdal Silseth og Pål Tøien debuterte med utgivingar på Internett og var gjesteartistar på ei plate med Tungtvann i 2002. Slik vart dei kjende for kvasse meldingar, humor og ordleik. Den første eigne plata deira, Bondegrammatikk, frå 2003, var ikkje eit fullt album, men ein såkalla mix-tape, ein type utgiving som er vanleg i hiphop-miljøet, med noko eige materiale og noko frå gjesteartistar. Gruppa hadde ikkje noko plateselskap i ryggen, men plata vart ein uventa suksess.
I 2004 signerte dei med norske C+C Records. På albumet Sjåre Brymæ synte dei røter i arbeidarklassekulturen gjennom å samarbeide med dansebandartistane Dag Spantell og Rune Rudberg. Hiten «Kjendisparty» var leiken og krass satire mot eit kjendis-Noreg duoen ikkje ønskte å verte ein del av. Albumet selde i 15 000 eksemplar, vart spelemannsnominert og fekk Alarmprisen.
Det var stilt om duoen ei stund, men i 2009 var dei attende med albumet Sellout!, og «Glir forbi», som handlar om at jamnaldringane har fått seg jobb og bil, vart spelemannsnominert som «årets hit».
I 2011 kom albumet Lasse & Geir, gitt ut i to delar.
Kjelder
Øyvind Holen: Hiphop-hoder. Oslo 2004
«Jaa9 & OnklP», Biografi frå Norsk pop- og rockleksikon på ballade.no, publisert 6.8.2006, http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006051613142552302128 [lesedato 27.10.2010]
Peikarar
Platemelding av Sjåre brymæ, dagbladet.no 28.9.2001

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 08.05.2012