Hopp til innhold
X
Innhald

Jaga Jazzist

Jaga Jazzist, jazzgruppe som vart danna i 1994. Jaga Jazzist er eit 10-mannsband med mellom andre låtskrivarane Lars Horntveth og Martin Horntveth.
Dei slo gjennom med albumet A Livingroom Hush (2001), som også vekte oppsikt internasjonalt. Deretter kom The Stix (2002) og What We Must (2005).
Foto: Tim Ferguson, flickr.com CC By 2 0.
Jaga Jazzist har også samarbeidd med ei rekkje andre artistar og band. Albumet One-Armed Bandit vann Spellemannprisen 2010 i open klasse. 
 
Sjå Jaga Jazzist spele One Armed Bandit live på NRK:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.10.2013
Sist oppdatert: 11.10.2013