Hopp til innhold
Foto: Paal Audestad
Foto: Paal Audestad
X
Innhald

Kaizers Orchestra

Kaizers Orchestra, norsk musikkgruppe som blandar rock, pop og punk med aust- og sentraleuropeiske musikktradisjonar, og som har oppnådd internasjonal suksess med tekstar på norsk dialekt.

Kaizers Orchestra blei stifta i Bergen 1. januar 2000. Dei gav ut den første CD-en, Ompa til du dør, i 2001. Det blei den til då mestseljande rockeplata i norsk musikkhistorie, med over 100 000 selde eksemplar. Deretter kom Evig pint (2003), Maestro (2005), Maskineri (2008), Våre demoner (2009), Violeta, Violeta, Vol I (2011) og Violeta, Violeta, Vol II (2011) . I tillegg har dei gitt ut fleire kortplater (EP-ar) og to konsertopptak. Dei har òg gitt ut eit konsertopptak på DVD, Live at Vega (2006).
Kaizers fekk Spelemannprisen for beste rockegruppe i 2001 og for beste musikkvideo i 2003. Dei har fleire gongar blitt nominert til Spelemannprisen.  Kaizers fekk Alarm-prisen for beste rocke- og konsertgruppe i 2002. Dei har halde konsertar i fleire europeiske land, mellom anna i Danmark, Sverige, Tyskland, Frankrike, Nederland, Polen og Austerrike.
Sære namn og tekstar
Kaizers Orchestra blei stifta av Janove «The Jackal Kaizer» Ottesen (f. 1975) og Geir «Hellraizer Kaizer» Zahl (f. 1975), begge frå Bryne på Jæren. Dei hadde med seg Terje «Killmaster Kaizer» Winterstø Røthing (f. 1977), Jon Sjøen (f. 1972), Helge «Omen Kaizer» Risa (f. 1975) og Rune «Mink Kaizer» Solheim (f. 1978). Sjøen blei erstatta av Øyvind «Thunder Kaizer» Storesund (f. 1974) i 2003. 
Under namnet Blod, Snått og Juling spelte Ottesen og Zahl inn to kassettar i 1994–1995, Ein glad tunnel og Sympatiske fisk. I 1995 flytta dei til Bergen og endra gruppenamnet til gnom. Helge Risa, Rune Solheim og Rolf Prestø blei rekrutterte på høvesvis piano, trommer og kontrabass. Ottesen var vokalist, medan Zahl spelte gitar. gnom spelte inn visepopplata mys i 1998, som aldri blei nokon suksess.
gnom la likevel grunnlaget for Kaizers Orchestra med songen «Bastard». Songen er den første som blei komponert på trøorgel (harmonium). Han inneheldt lyden av brekkjarn mot tomme tønner, den mystiske Mr. Kaizer og elektrisk gitar. Då Ottesen og Zahl valde å gå i den nye musikalske retninga, rekrutterte dei Winterstø på gitar, og Sjøen erstatta Prestø. Frå no av var dei orkesteret til Mr. Kaizer.
Ottesen og Zahl heldt likevel fast ved dei sære tekstane sine. Tekstane er små brotstykke av eit heilt univers med karakterar som er like eksentriske og mystiske som Mr. Kaizer. Tema som går att på alle platene er krig, død, sinnssjukdom, kriminalitet, spionasje og religion. Tekstuniverset er eit puslespel der alt heng saman, men mange bitar manglar, slik at det er vanskeleg å sjå korleis det heng saman.
Det er heller ikkje lett å forstå kvar tekst isolert. Ein får ofte inntrykk av at klangen av orda er viktigare enn meiningsinnhaldet. Det forklarer korleis tekstane kan appellere til eit publikum som ikkje kan norsk: Dei skjønar ikkje innhaldet, men det høyrest bra ut.
Sært konsept
Særleg på den første plata framstod dei som eit skramleorkester som var uskulerte i tone- og rytmelære. Det disharmoniske og støyande lydbiletet var likevel eit medvite val. Ottesen, som faktisk var musikalsk skulert, instruerte dei andre til med overlegg å bryte med det teoretisk korrekte. Han ville ha den upolerte, folkelege amatørstilen til eit skramleorkester.
Det var ikkje berre oljefata som skulle bidra til det. I staden for eit finstemt piano måtte Risa spele på eit ikkje så finstemt trøorgel. Solheim måtte spele på eit trommesett til ein verdi av 50 kroner. Det skulle høyrast ut som om han spela på eit blekkspann, noko han i praksis nesten gjorde. Kontrabassen, som i rocksamanheng er eit svært uvanleg instrument, skulle skape den tunge omparytmen.
På konsertar legg dei stor vekt på sjølve framføringa. Dei overdriv til dømes dei fysiske vanskane ved å spele på instrumenta. Slik skaper dei eit visuelt bilete av noko fysisk tungt, som står i stil med den energiske musikken.
Kontrasten mellom gassmaska til Risa, som pryda omslaget på dei to første platene, og dei elegante dressane deira er eit visuelt uttrykk for kva Kaizers Orchestra står for musikalsk. Det er ikkje berre ei musikkgruppe, men eit heilt konsept, der dei ulike elementa dannar ein disharmonisk heilskap av enkeltdelar som likevel passar svært godt saman.
 
Kjelder
Jan Zahl / Paal Audestad: Kontroll på kontinentet. Historia om Kaizers Orchestra. Oslo 2006
Offisiell heimeside med diskografi og biografi, http://www.kaizers.no/ [lesedato 20.05.2010]
Peikarar
Offisiell fanklubb, Dr. Mowinckels akuttmottak

Først publisert: 20.05.2010
Sist oppdatert: 04.04.2012