Kalenda Maya er eit norsk musikkensemble som har spesialisert seg på å framføre mellomalder- og renessansemusikk frå heile Europa.

Stifting og medlemmar

Kalenda Maya blei stifta i 1973 av musikaren, instrumentbyggjaren og arrangøren Sverre Jensen. Gruppa har hatt skiftande besetning gjennom åra, men sidan 1978 har Jensen, Sidsel Brevig, Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen vore faste medlemmer. Alle medlemmene trakterer eit stort tilfang av instrument, dei fleste bygde av Jensen. Hulbækmo er i tillegg ensemblet sin vokalist.

Stil og utgjevingar

I byrjinga spesialiserte Kalenda Maya seg på spansk musikk, og i 1983 hadde dei den første av etter kvart fleire turnear i Spania. I 1985 gav gruppa ut si første plate, Kalenda Maya, som inneheld religiøse og verdslege mellomalder- og renessansesongar av italiensk, fransk, tysk og særleg spansk opphav. Plata blei heidra med Spellemannprisen. Karakteristisk for Kalenda Maya er at dei nærmar seg nedskrive mellomalderstoff med utgangspunkt i europeisk folkemusikk snarare enn i kunstmusikk.

I 1989 gav Kalenda Maya ut si andre plate, Norske middelalderballader. Her blir folkeviser, hovudsakleg frå Setesdal og Telemark, framførte i arrangement som understrekar den europeiske kulturkonteksten dei høyrer til i. Eit liknande prosjekt kan finnast på plata Pilegrimsreiser (1997), som inneheld pilegrimssongar frå Frankrike, Spania, Tyskland og Skandinavia.

Diskografi

  • Kalenda Maya (1985)
  • Norske Middelalderballader (1989)
  • Arms Of The God (1993)
  • Pilgrimsreiser (1997)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg