Hopp til innhold
X
Innhald

Kråkesølv

Kråkesølv er ei nordnorsk gruppe som spelar energisk poprock med melodisk teft. Tekstane deira er leikne og oppfinnsame, og dei blir framførte på bodødialekt.

Kråkesølv har røter i Bodø, med utspring i miljøet kring rockeklubben XRK. Dei spela den første konserten sin i 2008. Gruppa består av brørne Kristoffer Magnus (gitar, vokal) og Petter Waldemar Nohr Unstad (bass, vokal), Fredrik William Olsen (gitar, vokal) og Jørgen Smådal Larsen (trommer). Thomas Litangen var trommeslagar fram til desember 2012, då Smådal Larsen tok over.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Foto: Frank Hüttophol/ krakesolv.no (pressefoto).
Foto: Frank Hüttophol/ krakesolv.no (pressefoto).
Musikken til Kråkesølv er ofte enkel, men sjeldan utan tyngd. Kombinasjonen av energiutfalding og roleg poprock er eit tydeleg kjennemerke. Gruppa fekk stor merksemd under bransjefestivalen by:Larm i 2009 og debuterte same året med Trådnøsting. Albumet vitnar om ei ung, men moden gruppe, med eit reflektert og utforskande forhold til tekst og språk. Blant låtane finn vi både elegante, mollstemte popmelodiar og skranglete, kraftfulle rockeparti. Tekstane er emosjonelle og inneheld mykje ordleik.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Kråkesølv framfører «Privat regn», frå Trådnøsting, vandring frå Youngstorget til Café Mono i Oslo.
På oppfølgjaren Bomtur til jorda (2010) får gleda over ordspel og gode melodiar eit røffare uttrykk. Alle gode ting (2012) er òg drivande, og er eit stødig framhald av gruppa sitt musikalske prosjekt. Samstundes har låtane ein mørkare tone, og tekstane er både eksistensielle og emosjonelle. Med Kråkesølv (2014) står den musikalske identiteten deira støtt, om enn med større mot og tryggleik.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Musikkvideoen til «Ikke rart vi blir sprø», frå Kråkesølv.
 
Kråkesølv har vist tydelege standpunkt i det offentlege rommet. Debutalbumet la dei ut på piratnettstaden Pirate Bay, og i 2010 takka dei nei til å konkurrere om Statoil-stipend, i protest mot oljeverksemd i Lofoten. Gruppa har òg ein tydeleg visuell profil på omslaga sine, og til albumheftet på Kråkesølv inviterte dei ei rekkje unge illustratørar til å gi visuelle tolkingar av låtane.
Kråkesølv har samarbeidd med artistar og grupper som Øystein Greni, Marit Larsen, Magnus Eliassen, Karpe Diem og Kringkastingsorkesteret. Gitarist og vokalist Fredrik William Olsen har òg gitt ut soloalbumet Hver gang æ græv (2012).
I 2010 fekk dei Spelemannsprisen som beste popgruppe.
Kjelder
Biografi på rockipedia.no: http://www.rockipedia.no/mediateket/biografier/kr%C3%A5kes%C3%B8lv/ [lesedato 29.3.2014]
Svein Terje Torvik: «Imponerende debut fra Kråkesølv», NRK 10.11.2009: http://www.nrk.no/kultur/imponerende-debut-fra-krakesolv-1.6857787 [lesedato 28.3.2014]
Peikarar
Nettstaden til Kråkesølv

Først publisert: 18.06.2014
Sist oppdatert: 24.07.2014