Hopp til innhold
X
Innhald

Kringkastingsorkestret

Kringkastingsorkestret, orkester som er fast knytt til NRK. Kringkastingsorkesteret har 54 musikarar og har tilhald i NRK Store Studio på Marienlyst i Oslo. Orkesteret har eit breidt repertoar som spenner frå underhaldningsmusikk til symfonisk musikk.
Kringkastingsorkestret, orkester som er fast knytt til NRK. Det vart stifta 1. september 1946 med Øivind Bergh som dirigent og kunstnarisk leiar fram til 1977. Seinare dirigentar har vore Sverre Bruland (1977–89), Avi Ostrowsky (1989–1993), Ari Rasilainen (1994–2002), Rolf Gupta (2003–2005), Thomas Søndergård (2009–2012) og Miguel Harth-Bedoya (2013– )
Kringkastingsorkesteret spelar saman med Dimmu Borgir. Foto: Kim Erlandsen, NRK p3 CC BY 2.0

Kringkastingsorkesteret har 54 musikarar og har tilhald i NRK Store Studio på Marienlyst i Oslo. Orkesteret har eit breidt repertoar som spenner frå underhaldningsmusikk til symfonisk musikk. Orkesteret har samarbeidd med ei rekkje artistar og grupper, mellom dei Vamp og Dimmu Borgir, og er stadig på turné.

Kringkastingsorkesteret spelar fast på Nobelkonserten.

Her er Kringkastingsorkesteret saman med Rolf Wesenlund som Marve:

Sjå Kringkastingsorkesteret og Vamp Månemannen:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 01.11.2013