Hopp til innhold
X
Innhald

Kvelertak

Kvelertak, prisløna rockegruppe som syng på stavangerdialekt. Gruppa leikar med musikalske sjangrar og referansar til norrøn mytologi. Dei har vunne Spelemannsprisen i kategoriane Rock og Metal.

Kvelertak vart danna i 2006 i Stavanger av Erlend Hjelvik (vokal), Vidar Landa (gitar), Bjarte Lund Rolland (gitar), Maciek Ofstad (gitar), Marvin Nygaard (bass) og Kjetil Gjermundrød (trommer). I 2009 gav dei ut singelen «Ordsmedar av rang», og debutalbumet Kvelertak kom i 2010, mellom anna med songen «Mjød». I 2013 gav dei ut albumet Meir og i 2016 albumet Nattesferd. I 2018 slutta frontfigur og vokalist Hjelvik i gruppa, og Ivar Nikolaisen tok til som ny vokalist. Året etter slutta Kjetil Gjermundrød som trommeslagar, og Håvard Takle Ohr kom inn i staden. I 2020 kom albumet Splid, det første albumet med nye bandmedlemer.  

Kvelertak er ei rockegruppe, men med referansar til sjangrar som black metal, punk, glam og norsk tradisjonsmusikk famnar musikken breitt. Med tre gitaristar er massive gitarriff eit særpreg ved musikken deira. Kvelertak har eit tekstunivers som hentar inspirasjon frå norsk mellomalder. Songar som «Ordsmedar av rang» (2009), «Blodtørst» (2009), «Undertro» (2013) og «Spring fra livet» (2013) leikar med namn, ord og uttrykk frå norrøn mytologi, som gjerne vert sette inn i ein moderne kontekst. Kvelertak syng på stavangerdialekt. Den norskspråklege songen har ikkje vore til hinder for at gruppa sel album og held konsertar på festivalar og konsertscener i Europa, Asia og USA.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: Kvelertak sin video til songen «Evig vandrar» frå albumet Meir (2013).

Stavangergruppa vann Spelemannsprisen i kategorien Rock og i kategorien Årets nykomar i 2010. I 2013 vann dei Spelemannsprisen for albumet Meir i kategorien Metal og i 2016 vann dei Spelemannsprisen for albumet Nattesferd i kategorien Rock. Gruppa fekk eit stipend på ein million kroner frå Statoil i 2011.

Kjelder

Heimesida til Kvelertak, kvelertak.comhttp://kvelertak.com/ [lesedato 5.2.2013]

Biografi, rockipedia.nohttp://www.rockipedia.no/artister/kvelertak-38277/# [lesedato 26.1.2014]

Øyvind Rones: «Intervju: Kvelertak», groove.nohttp://www.groove.no/artikkel/22716434/intervju-kvelertak [lesedato 26.1.2014]

Rolv Christian Topdahl: «Erlend Hjelvik slutter i Kvelertak», publisert 16.7.2018, nrk.no: https://www.nrk.no/rogaland/erlend-hjelvik-slutter-i-kvelertak-1.14127820 [lesedato 17.7.2018]


Peikarar

Nettstaden til Kvelertak


Først publisert: 20.10.2014
Sist oppdatert: 28.02.2020