Hopp til innhold
Foto: Kompisane.no
Foto: Kompisane.no
X
Innhald

Leif & Kompisane

Leif & Kompisane, rockgruppe frå Stavanger, aktiv sidan 1984, med pause 1986–1993, kjend for lette, sommarlege popsongar som «Dronninga» og «Morgen Herlege».

Leiaren for gruppa har heile tida vore Leif Nilsen, som syng og spelar gitar. Han skriv òg dei fleste melodiane, men får hjelp med tekstar frå andre tekstforfattarar frå Rogaland. Nilsen kom frå gruppa Mods, der han hadde vore trommeslagar. Leif & Kompisane fekk suksess alt med den første singelen «Eg har'kje båd» frå 1985, ein popmelodi med ein underfundig tekst der eg-personen har kompass og sjøkart, men må nøye seg med å sjå på bølgjene.
Leif & Kompisane er kjende for å spele ein nokså snill, melodiøs musikk, med eit akustisk lydbilete og element av visesong. I 1995 samarbeidde gruppa med rock-produsenten Kyrre S. Fritzner. Albumet Baddel vart eit vellukka eksperiment med å gjere gruppa litt hardare, og «Alt eg har igjen» vart ein av dei mest populær songane til gruppa.
Leif & Kompisane har gitt ut sju album, eit samlealbum og fleire singlar, dessutan to supportarsongar for Viking. I 2010 kom «Den komplette samlingen», ein boks med 7 CD-ar og ein DVD.
Kjelder
Leif & Kompisane, offisiell nettside, http://www.kompisane.no/ [lesedato 25.10.2010]
«Leif & Kompisane», biografi frå Norsk pop- og rockleksikonballade.no, publisert 6.8.2006, Norsk pop- og rockleksikon, http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006051813012034866559 [lesedato 25.10.2010]
«Leif & Kompisane», Rogalyd wiki, http://www.aftenbladet.no/rogalyd/pages/viewpage.action?pageId=983300 [lesedato 25.10.2010]
Peikarar

Først publisert: 20.02.2012
Sist oppdatert: 22.02.2012