Hopp til innhold

Majorstuen

Majorstuen, norsk folkemusikkgruppe som nyttar tradisjonsmateriale som grunnlag for nye og særeigne komposisjonar for felemusikk.

Majorstuen vart etablert i 2000 i Oslo. Originalbesetninga var Jorun Marie Kvernberg (fele), Synnøve S. Bjørset (fele), Tove P. Hagen (fele, cello), Ragnhild Furebotten (fele) og Gjermund Larsen (fele, cello, bratsj). Etter at Furebotten (2007) og Larsen (2012) slutta, har dei brukt fleire musikarar til ulike prosjekt, men i 2015 vart Andreas Ljones (fele, oktavfele, bratsj) og Anders Lövberg (fele) faste medlemer av gruppa.

Sidan debutalbumet Majorstuen i 2002, har folkemusikkgruppa gitt ut fem album, der dei i tillegg til eigne komposisjonar for felemusikk nyttar nye arrangement til den norske tradisjonsmusikken. På albumet Juledrøm (2006) har Majorstuen laga nye arrangement på kjende julesongar som «Den fagraste rosa» og «Det hev ei rose sprunge». Gruppa har i tillegg gitt ut samlealbumet Les Borèales compilation (2012) og livealbumet Live in concert (2012). I 2015 gav Majorstuen ut Kvitre, som var eit tingingsverk til Førdefestivalen i 2014.

Med inspirasjon frå andre musikalske sjangrar og uttrykk utfordrar dei den folkemusikalske arven, men det er det tradisjonelle felespelet som dannar basisen i musikken til Majorstuen. I tillegg til at alle i gruppa spelar fele, gir innslaga med cello, bratsj og oktavfele ein særeigen rytme og klang i musikken deira. Folkemusikkgruppa haustar ros frå publikum og kritikarar for komposisjonane dei lagar for felemusikk, og dei er mykje brukte på konsertar og folkemusikkfestivalar i Noreg og Europa.

Majorstuen fekk Spelemannsprisen i 2003 for Majorstuen. I 2005 fekk dei Hilmar Alexandersens musikkpris.

Kjelder

Svein Andersen: «Folkemusikere feirer 15 år», aftenposten.no: http://www.aftenposten.no/meninger/kommentarer/Folkemusikere-feirer-15-ar-7974480.html [lesedato 21.5.2016]

Geir Rakvaag: «En ny folkemusikk», dagsavisen.no: http://www.dagsavisen.no/kultur/musikk/en-ny-folkemusikk-1.349904 [lesedato 1.5.2016]

Nettstaden til Majorstuen, majorstuen.no: http://www.majorstuen.biz/ [lesedato 1.5.2016]

Peikarar

Melding av albumet Kvitre, folkemusikk.no

Først publisert: 13.02.2017
Sist oppdatert: 09.03.2017