Hopp til innhold
X
Innhald

Manna

Manna er eit reggaeband frå Bodø. Dei skriv og syng på dialekt, hovudsakleg om Gud, Babylon og vegetarianisme.

Medlemmene i Manna er Bjørn Jervås, Vegard Leite, Per Willy Larsen, Even Høgseth, Jon Hveding, Vegard Hetty og Kim Lie. Alle har lang fartstid frå musikkmiljøet i Bodø og band som Hjertesvikt A/S og Bøyen Beng. Fleire av dei var òg med i Irie Darlings i 1990-åra, eit rockinspirert reggaeband som gav ut eitt album (Xaymaca, 1994), og som spela inn musikk på Jamaica og hadde radiohittar der.
 
Manna vart etablert i 2001, og musikken er reindyrka roots reggae, som ein kjenner det frå 1970-åra, med grupper som The Congos, Gladiators og The Wailers. Tekstane er religiøse og politiske. Som rastafarianarar syng dei om Gud og om frelse frå Babylon, som er ei nemning som rastafarianarane bruker om våre dagars moderne kapitalistiske og undertrykkjande samfunn.
 
Manna har gitt ut albuma Salma (2006) og Flamma (2009) og ein remiks-LP, Salma i dub (2008).
 
Kjelder
Marius Lien: «Vi flyg ut av Babylon», Morgenbladet 14.08.2009
 
Peikarar
Heimesida til Manna

Først publisert: 26.01.2010
Sist oppdatert: 27.11.2011