Hopp til innhold
X
Innhald

Nico & Vinz

Nico & Vinz, artistduo som lagar fengjande popmusikk med inspirasjon frå sjangrar som hiphop, afrobeat, reggae og R&B.

Duoen Nicolay Sereba og Vincent Dery (begge fødde i 1990) byrja å lage musikk saman i 2009, då under namnet Envy. I 2014 fekk dei platekontrakt med Warner Bros. US og tok namnet Nico & Vinz.

Duoen debuterte med mikstapen «Dreamworks: Why not me?», og fekk suksess på NRK Urørt i 2010. I 2011 spela dei på By:Larm i Oslo, og seinare same året gav dei ut den første singelen sin, «One Song». Gjennombrotet fekk dei etter å ha vunne den internasjonale bandkonkurransen Emergenza i Berlin i 2011. Debutalbumet The Magic Soup and the Bittersweet Faces kom i 2012, og etter den store hit-singelen «Am I Wrong?» (2013) kom oppfølgjaren Black Star Elephant i 2014.

Med familiebakgrunn frå Elfenbeinskysten og Ghana er den vest-afrikanske påverknaden tydeleg i musikken deira. Duoen frå Lambertseter og Holmlia er i det heile breitt internasjonalt orienterte. Ein høyrer påverknad frå sjangrar og artistar frå heile verda, og dei er ikkje redde for å blande saman musikalske uttrykk. Musikken kan karakteriserast som «world music»-pop.

I 2013 stod dei på scena under Nobels fredspriskonsert i Oslo Spektrum, og året etter spela dei på ei rekkje fjernsynsshow i USA, og for president Barack Obama under eit arrangement i Washington D.C. «Am I Wrong?» hamna òg høgt på Billboard-lista i USA.

Musikkvideoen til «One Song» fekk Spelemannsprisen for Årets musikkvideo i 2011. Under Spelemannsprisen i 2014 var Black Star Elephant nominert som beste album, men Nico & Vinz fekk i staden den gjeve prisen som Årets spelemann.

Kjelder

Nettstaden til Nico & Vinz: http://www.nicoandvinz.com/aboutus [lesedato 3.3.2015]

Gaute Zakariassen: «Slik var Nico & Vinz’ vei mot gjennombruddet», nrk.no 29.9.2014: http://www.nrk.no/kultur/nico-_-vinz_-vei-mot-gjennombruddet-1.11956400 [lesedato 1.4.2015]

Musikkvideoen til «One Song»:

Først publisert: 21.08.2015
Sist oppdatert: 21.08.2015