Nordnorsk Visegruppe
Nordnorsk Visegruppe under ein konsert i Kongeparken i Tromsø i august 2005
Nordnorsk Visegruppe
Av .

Nordnorsk Visegruppe var ein sentral aktør i den nordnorske visebølgja i 1970-åra. Gruppa var kjend for å synge nordnorsk folkemusikk i fleirstemte vokalarrangement.

Etablering

Nordnorsk Visegruppe frå Tromsø debuterte på visefestivalen Troilltampen på Hamarøy 13. juli 1975. Gruppa var aktiv fram til 1980. I 2005 vart gruppa samla igjen for ei tid. Dei fem originale medlemene var Jan Arvid Johansen (vokal og gitar), Bente Reibo (vokal og piano), Hanne Bjørklid (fiolin, fløyter og vokal), Gisle Wold (bass og vokal) og Ola Graff (vokal, fløyter, munnspel, piano; bror av Trond Graff frå The Pussycats). Wold slutta i gruppa i 1976 og vart erstatta av Odd Arvid Eilertsen.

Repertoar

Nordnorsk Visegruppe er rekna mellom dei meir profesjonelle og skulerte aktørane innanfor den nordnorske visebølgja, og fleirstemt song var eit kjennemerke. Uttrykket «den nordnorske visebølgja» viser til den regionale kulturelle rørsla i 1970-åra, der visesong med politisk brodd spela ei sentral rolle.

Gruppa arrangerte og framførte nordnorsk tradisjonsmateriale frå Nordnorsk Folkemusikksamling ved Tromsø Museum, dei samla inn noko materiale sjølve og hadde òg nokre nyskrivne viser på repertoaret. Tradisjonsmaterialet bestod mellom anna av slåttar, bånsullar og skillingsviser.

Utgivingar

Nordnorsk Visegruppe gav ut to album i 1970-åra. Rav og rekling kom i 1977 og var produsert av Harald Gundhus. På denne plata finn vi mellom anna tradisjonsstoff som Sjursveinvisa og Ingen har så fin ei dotter, og den nyskrivne Den nye visegruppa, der Ragnar Olsen står som komponist og tekstforfattar. I 1979 kom albumet Hei løsti, som var produsert av Steinar Ofsdal og Odd Arvid Eilertsen. Denne plata hadde òg ei overvekt av tradisjonsstoff, som Lars Lenkelifot og polsdansar, men òg den nyskrivne Noravijnnsvalsen, med tekst av Arvid Hanssen og melodi av Per C. Hansen. Hanne Bjørklid var ikkje med på den andre innspelinga.

Innspelingane vart relanserte på CD i 2006. I 1977 turnerte gruppa saman med Hålogaland Teater med framsyninga Dikt og forbainna løgn. Jan Arvid Johansen starta Boknakaran i 1994.

Utmerkingar

Nordnorsk Visegruppe vart tildelt Prøysenprisen i 1977. Same året var gruppa nominert til Spellemannprisen for plata Rav og rekling.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eggum, J., Ose, B. & Steen, S., red. (2005): Norsk pop & rockleksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo: Vega
  • Juvik, L. H. & Hasselberg, G. (1983): Troilltampen. Tromsø: Nordnorsk magasin
  • Nygård, O. (1994): «Like fint å jobbe som å danse? Den nordnorske visebølgen i lys av tyve års etterpåklokskap – et kritisk tilbakeblikk», i Einar-Arne Drivenes ofl. (red.): Nordnorsk kulturhistorie, bd. 2: Det mangfoldige folket. Oslo: Gyldendal

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg