Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk Jazzforum

Norsk Jazzforum (NJF), interesseorganisasjon for det norske jazzmiljøet. Organisasjonen vart stifta i 1953 som Norsk Jazzforbund og slått saman med Foreningen Norske Jazzmusikere i 1997. NJF er medlem i Norsk Musikkråd og har om lag 50 jazzklubbar, 12 jazzfestivalar, 60 storband og andre amatørutøvarar som medlemmer. Organisasjonen eig plateselskapet Odin og gir ut tidsskriftet Jazznytt. NJF deler dessutan ut Buddy-prisen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.11.2013
Sist oppdatert: 27.11.2013