Hopp til innhold
X
Innhald

Ny Norsk Ballett

Ny Norsk Ballett, det første sjølvstendige, profesjonelle ballettensemblet i Noreg. Det vart stifta av Gerd Kjølaas og Louise Browne i 1948, og frå 1953 heitte ensemblet Den Norske Ballett. Ensemblet vart innlemma i Den Norske Opera ved starten i 1958. Det turnerte mykje i Noreg og i England. Mellom anna var det framsyningar på Norsk Folkemuseum kvar sommar.
Foto: Erik Berg, Den norske Opera og Ballett.
Foto: Erik Berg, Den norske Opera og Ballett.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.11.2013
Sist oppdatert: 27.11.2013