Hopp til innhold
X
Innhald

Rammsund

Rammsund, norsk hardrockband frå Oslo. Dei har gjort det til sitt særmerke å spele det tyske bandet Rammstein sine songar med tekstane omsette til nynorsk.

Rammsund består av Geir Ove Gråbein Nordby, Bjørn Solfjeld, Espen Kregnes og Nikko Løvstad. Dei heldt den første konserten sin 15. november 2004 og har sidan den gongen arbeidd seg opp til å verte eit energisk og godt liveband. Bandet har gitt ut éin EP.
I startfasen freista bandet å omsetje Rammstein sine tekstar til bokmål. Men det var ikkje før dei gjekk over til nynorsk, at dei såg seg nøgde med det språklege uttrykket. I den nynorske omsetjinga av tekstane legg dei seg alltid tett opptil originalen, både når det gjeld tittel og tekst. «Mein herz brennt» vert til dømes omsett med «Hjartet mitt brenn». Språkrådet har vore involvert som rettleiar i omsetjingsarbeidet.
Bandet har engasjert seg sterkt i målsaka og trekkjer ofte fram dette i intervju og på konsertar. I 2009 oppretta bandet sin eigen målpris, Rammsunds målpris. Prisen skal tildelast ein person eller institusjon i Noreg som er med på å kjempe for målsaka. I 2009 var det Språkrådet som fekk prisen.
Kjelder
Rammsund si heimeside: http://www.rammsund.com/ [lesedato 19.03.2010]

Først publisert: 19.03.2010
Sist oppdatert: 27.11.2011