Hopp til innhold
X
Innhald

Röyksopp

Röyksopp, elektronikaduo med Svein Berge og Torbjørn Brundtland. Dei vekte oppsikt med debutalbumet Melody A.M. (2001), og vart lønte med MTV Europe Music Awards for beste video («Remind Me») i 2002.
Foto: Tim Ferguson, flickr.com CC BY 2 0
Foto: Tim Ferguson, flickr.com CC BY 2 0
Röyksopp har hatt samarbeid med ei rekkje vokalistar, som Erlend Øye, Karin Dreijer Andersson og Susanne Sundfør.
Duoen har også gjort remiksar av låtar frå internasjonale artistar som Coldplay og Peter Gabriel.

Röyksopp har fått fleire Spellemannprisar, mellom anna Årets spellemann i 2002 og Spellemannpris for det andre albumet, The Understanding (2005). Dei fekk også Spellemannpris i 2009 for albumet Junior.
Sjå videoen What Else Is There med Röyksopp:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.10.2013
Sist oppdatert: 25.10.2013