Salhuskvintetten
Salhuskvintetten, songgruppe som starta som lokalt revyband, men som vart landsyndlingar med «Gryta hennar mor».
Visegruppa Salhuskvintetten kom frå Salhus utanfor Bergen. Dei var òg kjende under namnet Olkabilamo, etter dei to første bokstavane i førenamnet til dei fem godt vaksne medlemene: Ole Mjelde, Karl Sjursen, Birger Martinussen, Lars Kalvik og Monrad Holm Johnsen. Dei starta karrieren sin som lokalt revyband i 1940-åra, og lenge opptredde dei berre sporadisk og lokalt.
Etter ei framføring av «Singel og sand» på lokalradioen hausten 1962 vart dei oppdaga av Rolv Wesenlund og signert av Norsk Philips. «Singel og sand» selde i 30 000 eksemplar, men vart overgått av den seinare storseljaren «Gryta hennar mor», som selde i nærmare 50 000 eksemplar. Songen var i fleire år den mest spela på radio i Hordaland, og gruppa fekk òg eit landsdekkjande publikum etter flittig speling i «Ønskekonserten».
Andre kjende songar var «Fiskarlåt» og «Det skal bli andre bollar når papen kjem heim». Salhuskvintetten gav ut fem LP-plater i rask rekkjefølgje mellom 1968 og 1971. Gruppa vart oppløyst i 1973.
Video: Salhuskvintetten framfører songen «Du kjære gamle gode utedo» i programmet «Husker du?» i 1973.
Kjelder
«Salhuskvintetten», i Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rock leksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005
Peikarar
Trond Blom: «I skyggen av Gryta hennar mor», ba.no, publisert 3.7.2009
Sist oppdatert: 18.02.2019