Hopp til innhold
X
Innhald

Side Brok

Side Brok, hiphop-gruppe frå Ørsta som i 2004 vann to prisar under by:Larm og vart kåra til Årets nynorskbrukar same året. Gruppa rappar på sunnmørsdialekt om heimbygda og bygdekulturen på ein sjølvironisk, uhøgtideleg og lett sarkastisk måte, og leikar med musikksjangrar. Side Brok er sunnmørsdialekt for «sid bukse» også kalla «saggebukse».

Side Brok vart etablert i 2000 av Runar Gudnason (alias Sjef R / Thorstein Hyl III) og Bård Aasen Lødemel (alias Skatebård). I 2001 slutta tre til personar seg til gruppa, sambygdingane Oddgeir Kristensen (alias Odd G) og Knut Petter Sævik (alias Tunk) og Tore Brevik (alias Tore B) frå Ålesund. Til og med tredje plata var dei tre faste medlemmer: Gudnason som drivkraft, frontfigur, tekstforfattar og hovudrappar, Lødemel som backup-rappar og ansvarleg for rytmekomp saman med Gudnason, og Kristensen har spelt bass og gitar. Gudnason har arbeidd med film og fjernsyn, men har livnært seg av musikken sidan 2001. Ved sida av arbeidet med Side Brok er Lødemel DJ, produsent og musikar innan elektronisk musikk (Skatebård). På fjerde plata er gruppa tilbake til den opphavlege duoen med Runar Gudnason og Bård Aasen Lødemel.

Gruppa debuterte med Side Brok EP i 2002. Gjennombrotet kom på by:Larm i 2004, og det same året kom albumet Høge Brelle. Side Brok har gitt ut fire album, der dei to første og den siste var nært knytte til heimbygda og bygdekulturen, medan den tredje plata, Ekte Menn (2009), inneheld mindre råning og er noko meir generell og filosofisk. Side Brok leikar med sjangrar. Musikken er rap, men gruppa sjonglerer særleg med element frå jazz og reggae, og dels frå rock, funk og soul.

Side Brok vart kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum i 2004.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: Intervju med Side Brok, Student-TV i Volda 2014

Frå bygd til by

Under by:Larm i 2004 vann Side Brok NRK Petre sin Urørt-konkurranse og VG sin pris for beste liveband. Albumet Høge Brelle handlar om heimbygda, identitet og oppvekst og rånemiljøet i Ørsta og Volda. Debutplata nådde eit breitt publikum, frå rånarar til akademikarar, men skapte òg debatt. Side Brok er kontroversielle i hiphop-miljøet. Dei er annleis, dei er eldre, dei rappar på sunnmørsdialekt, dei leikar med musikksjangrar og humor og har ikkje vore så flinke til å reindyrke kleskodar og andre kodar innanfor hiphopen. Dette har skapt reaksjonar i det norske hiphop-miljøet. Mange opplevde gruppa som ein parodi på hiphop, og dei vart kritiserte for å vere useriøse og uekte.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: «Rist med raua» frå albumet Høge Brelle (2004). 

Side Brok har seinare gitt ut albuma Kar Me Kjøme Frå i 2006, Ekte Menn i 2009 og H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A. i 2013. Phøgelatene formidlar bodskapar med brodd, men på ein sjølvironisk, uhøgtideleg og lett sarkastisk måte. Heimlengsel og nostalgi går hand i hand med spark til jantelova og bygdedyret. Tekstforfattar Gudnason og dei andre medlemmene er utflyttarar som skildrar ei bygd og ein kultur dei kjenner godt.

I løpet av dei tre første platene flytta tematikken seg gradvis bort frå bygdekulturen til å verte meir generell, og produksjonen og musikken vart meir sofistikert og profesjonell, og også meir regissert. På den fjerde plata har Sida Brok bevega seg tilbake til utgangspunktet både i innhald og tematikk, og består av den opphavlege duoen Runar Gudnason og Bård Aasen Lødemel. Sjølv om talet på faste bandmedlemmer har gått ned, er gruppa ofte minst like mange som før på scena, og særleg dei tidlege medlemmene har ein tendes til å dukke opp.

Sidan hiphopen voks fram i 1970-åra, har utøvarane rappa på dialekt, og tematikken har vore lokal, dei har skildra sin eigen kvardag. Temavalet og språkforma til Side Brok er altså ikkje så oppsiktsvekkjande, dei kom berre frå ein litt uvanleg kant av landet og hadde ei litt utradisjonell framføring.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: «H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A.» frå albumet H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A. (2013). 

Karakterar

Tekstane til Side Brok er intelligente, originale, satiriske og humoristiske. Frontfigur Runar Gudnason formidlar spøk og alvor gjennom to karakterar, Sjef R og Torstein Hyl III. Sjef R er hovudkarakteren, medan Torstein Hyl III kjem inn med sterkare, skarpare og mindre nyanserte meiningar. Namnet Torstein Hyl III er inspirert av den amerikanske rapparen Thirstin Howl III, som også er med på EP-en Side Brooklyn (2005). Då Gudnason tok til å skrive tekstar på slutten av 1990-åra, var han ikkje tøff nok til å framføre dei for andre, men han leika og eksperimenterte med stilarartar og sjangrar ved å finne opp fleire ulike karakterar og gi dei roller og personlegdom.

Sirkel Sag er ein annan karakter i Side Brok. Bak denne karakteren står Bård Aasen Lødemel. Sirkel Sag er rappar om natta og bonde om dagen. Han har lurt i kulissane til Side Brok i mange år og har vore med på fire låtar. I 2016 gjekk Sirkel Sag solo og gav ut EP-en Ørsta Rådhus

Regissør Turid Rogne følgde Side Brok gjennom platelanseringar og kvardagar, oppturar og nedturar, frå 2003 til 2009. Arbeidet resulterte i dokumentarfilmen Heimegutar, som i april 2009 hadde premiere som opningsfilm under Den Norske Dokumentarfilmfestivalen i Volda.

galleri

Kjelder

Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop- og rockleksikon. Oslo 2005

«Norskspråklig rap gjør ungdom stolte av bygdene og småstedene sine», Nationen 27.02.2007

«Alene mot alle», Dagbladet 07.02.2006

«Nye sider frå Side Brok», Bergens Tidende 07.02.2006

«Nynorskrapp med 'Stål i undebrella'», Nationen 22.09.2006

«Rapparane gir jernet på norsk», Bergens Tidende 16.07.2008

«Side Brok: Rap fra Aasens sønner», NTB-tekst 12.02.2004

«Side Brok vender hjemover», Nationen 08.02.2006

«Størst i Ørsta», VG 20.02.2004

«Eit heimbrygga comeback», morenytt.no, publisert 7.10.2013, http://www.morenytt.no/kultur/article8402653.ece [lesedato 14.10.2011]

Torbjørn Selseng: «Side Brok er tilbake», framtida.no, publisert 20.2.2013, http://framtida.no/articles/side-brok-er-tilbake#.Ulw3bVCnqOx [lesedato 14.10.2011]

«Sirkel Sag går solo», smp.no, sist oppdatert 31.1.2017: http://www.smp.no/nyheter/2016/11/28/Sirkel-Sag-g%C3%A5r-solo-13853375.ece [lesedato 8.8.2017]

Pressemelding: «"Ørsta Rådhus" ute 2. desember», morenytt.no, publisert 29.11.2016: http://mre.no/nyhende/orsta-radhus-ute-2-desember/19.3813 [lesedato 8.8.2017]

Peikarar

Heimesida til Side Brok

Side Brok på Spotify

Først publisert: 27.05.2010
Sist oppdatert: 20.02.2019