Hopp til innhold
X
Innhald

Stavangerensemblet

Stavangerensemblet, rockegruppe. Med ein uvanleg energisk vokalist og finurlege tekstar av lokale diktarar vart dei det første bandet som slo igjennom med rock på Stavangerdialekt.

Stavangerensemblet debuterte med singelen «Kan’kje finna fingen» / «Vidunderlige nye Stavanger» i 1978. Då den første LP-plata, Ta ein kjangs, kom ut i 1980, var medlemene Frode «Froddien» Rønli på vokal, Anders Bru på gitar, Knut Kønigsberg på trommer, Gunnar Engen på bass og Reidar Larsen på tangentar. Dei to sistnemnde slutta etter at plata var komen ut, og Øystein Eldøy vart ny bassist frå og med LP‑en Ska det ver ... så ska det ver! (1981).

Dei gav i alt ut tre studioplater til. Den eine av desse, 30‑årskrigen (1981), var eit samarbeid med Ketil Bjørnstad. Bandet vart oppløyst i 1985, men har sidan 1996 gjort nokre sporadiske konsertar. I 2009 kom samleplata Samlekasse.

I 1982 fekk Stavangerensemblet Spellemannprisen for plata På bommen

Video: Stavangerensemblet: «Trega deg igjen».

Rock frå Stavanger

I åra rundt 1980 var det ikkje lett for norske rockeband å få platekontrakt, i alle fall ikkje for dei som kom frå distrikta. Stavangerensemblet hadde sendt ein demo til norske plateselskap i hovudstaden, men utan å ha vorte tekne på alvor. Dei måtte difor finansiere dei første platene sine sjølve. Kombinert med sjølvlaga låtmateriale med tekstar på dialekt gjorde det at dei langt på veg vart assosierte med den nye bølgja av norsk rock, sjølv om dei både musikalsk og aldersmessig låg eit stykke frå dei andre banda i bølgja.

Tekstforfattarar utanfor bandet

I motsetning til mange andre band på denne tida overlét Stavangerensemblet arbeidet med tekstane til andre. Svein Tang Wa, Gunnar Roalkvam og Tor Salomonsen stod bak songar som spente frå det melankolske til det humoristiske. Salomonsen hadde tidlegare vore med i Nurk Twins, og starta seinare Asfalt, eit av stavangerbanda som følgde i fotspora til Stavangerensemblet. Tang Wa har òg gitt ut fleire plater, mellom anna i samarbeid med Roalkvam. Mange tekstar av Roalkvam har vorte spela inn på plate, i hovudsak av artistar frå Sørvestlandet.

Frode Rønli

I Frode Rønli hadde Stavangerensemblet ein av dei mest energiske scenevokalistane Noreg har sett. I eit intervju fortalde dei andre at dei hadde forstått at han var mannen dei trong då han under ei prøvesynging enda opp med å rulle seg skrikande rundt på golvet. I lesaravrøystingane i dei norske musikkavisene var han ein gjengangar i kategorien Beste vokalist, og det er neppe noko overdriving å hevde at utan han hadde Stavangerensemblet ikkje nådd den same populariteten.

Om tekstane handla om sambuarar som flytta frå kvarandre, eller var nidviser om Bergen, gjorde Rønli tekstane til sine eigne gjennom framføringa si, og han greidde å syngje glitrande rockelinjer med den same sjølvsagde autoriteten som naudrima som innimellom dukka opp.

30‑årskrigen – samarbeid med Ketil Bjørnstad

Kjetil Bjørnstad hadde eit par år tidlegare laga suksessen «Leve Patagonia», og var vel kanskje på høgda av sin popularitet i Noreg. I ettertid kan det sjå ut som både han og bandet kanskje miste litt fotfestet i samband med 30‑årskrigen. Det som skulle verte ein norsk rockeopera, enda som ein dobbel‑LP og ikkje noko meir, og var vel heller ikkje noko høgdepunkt i verken Bjørnstad eller Stavangerensemblet sine karrierar. Stavangerensemblet nådde aldri høgdene frå dei to første platene igjen, i alle fall ikkje salsmessig, og kanskje heller ikkje kunstnarleg.

Kjelder

«Stavangerensemblet», i Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rock leksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005

Petter Sømme: «Stavangerensemblet», rogalyd.no, publisert 23.9.2012: http://rogalyd.no/artist/stavangerensemblet [lesedato 10.11.2017]

Først publisert: 07.12.2018
Sist oppdatert: 07.12.2018