Hopp til innhold
Sunnmøre Baarelag. Pressefoto: M. Lystad Johansen. Kjelde: baarelaget.no.
Sunnmøre Baarelag. Pressefoto: M. Lystad Johansen. Kjelde: baarelaget.no.
X
Innhald

Sunnmøre Baarelag

Sunnmøre Baarelag, blues- og rockeband frå Ørsta, aktivt sidan 1980, som har gitt ut fleire album med country-inspirert rock på sunnmørsdialekt.

Kjell Rune Klubbenes (f. 1959, gitar) og Kyrre Grimstad (f. 1957, gitar og vokal) skriv songane og har vore med heile tida. I tillegg har gruppa denne besetninga (2020): Arne Moe (bassist), Frode Sundnes (trommer) og Totto Nilsen (munnspel). Tidlegare medlemer er Jarle Ringset (1987–1989 og 1996–1998, trommer), Arve Åheim (1980–1983, bassist), Svein Erik Åmås (1989–1992, keyboards) og Hogne Fjukstad (1989–1992, trommer). I tillegg har Martin Foldal vore med som lydmann gjennom åra.
Gruppa har gitt ut fire fullengdes album og nokre singlar, og alt den første singelen, «Blide Mannj» frå 1983, vekte mykje merksemd. Førstealbumet Kjekke kara' kom i 1987, var produsert av Åge Aleksandersen, og songar som den drivande country-rockaren «Det va'kje ej» vart suksessar med mykje radiospeling.
Gruppa har aldri spela fulltid, og det har teke lang tid mellom platene, men dei har spela om lag to tusen konsertar. I 2007 kom ei samleplate med nokre nye songar, og denne plata vart berre distribuert mellom Måløy og Sunndalsøra.

Kjelder

Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): «Sunnmøre Baarelag», i Norsk pop- & rockleksikon. Oslo 2005. Digital utgåve på ballade.no, publisert 6.8.2006: http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006053011235366110780 [lesedato 26.11.2011 og 14.1.2020]
Offisiell nettstad: http://www.baarelaget.no/

Peikarar

Sunnmøre Baarelag opnar Dei nynorske festspela 2020, pressemelding, festspela.no

Først publisert: 27.11.2011
Sist oppdatert: 20.01.2020