Hopp til innhold
Foto: Anja Basma via Transmediale, Flickr.com CC BY-NC-SA
Foto: Anja Basma via Transmediale, Flickr.com CC BY-NC-SA
X
Innhald

Supersilent

Supersilent, norsk fri-improvisasjonsgruppe med stor internasjonal suksess. Gruppa er kjend for at dei aldri øver til konsertar, og improvisasjonane er ofte baserte på store, høglydte støylandskap. Musikken er påverka av både jazz, rock og elektronika.

Supersilent har i november 2012 gitt ut åtte plater og ein DVD på Rune Grammofon, alle nummererte kronologisk: trippelplata 1–3 (1997), 4 (1998), 5 (2001), 6 (2003), 7 (DVD, 2005), 8 (2007), 9 (2009), 10 (2010) og 11 (2010). Instrumentsamansetjinga var til og med plata 8: Sten på elektronikk («audio virus»), tangentar og gitar, Storløkken på tangentar og elektronikk, Henriksen på trompet, song, trommer og elektronikk og Vespestad på trommer. Stilen på platene varierte noko innanfor ein formel av rockeprega fri-improvisasjon, med tydelege band attende til Miles Davis sin Bitches Brew-periode.
Veslefrekk
Opphavet til Supersilent var jazztrioen Veslefrekk, som vart starta i 1989 av trompetist Arve Henriksen, trommeslagar Jarle Vespestad og pianist Ståle Storløkken, alle studentar på jazzlina ved Trøndelag musikkonservatorium. I 1994 gav dei ut debutplata si, Veslefrekk, og året etter skreiv dei tingingsverket til Vossajazz, Per, Nils og Veslefrekk. Etter ti år og fire Supersilent-plater, gav originalbesetninga i Veslefrekk ut ei avskjedsplate i 2004, Valse Mysterioso, på NorCD.
Platene til Veslefrekk er gjennomsyra av improvisasjon og vekslar fritt mellom akustisk og elektronisk forsterka lyd. Spora er fråskilde som individuelle verk, ofte med forteljande titlar som «Tyve Aar Efter» eller «Slave», noko dei gjekk heilt bort frå i Supersilent.
Oppstart
På Nattjazz i Bergen i 1997 heldt bandet konserten «Veslefrekk with Deathprod» saman med støymusikaren Helge Sten, kjend frå trondheimsbandet Motorpsycho. Både Veslefrekk og Sten var vane med fri-improvisasjon, så dei øvde ikkje saman før konserten. Men konserten vart så vellukka at Sten vart med som fast medlem i gruppa. Metoden med aldri å øve har dei halde på heilt fram til i dag. Dei spelar aldri saman utanom konsertar og plateinnspelingar.
Same hausten gjekk dei i studio for første gong saman, og debutplata, 1–3, kom i desember 1997. Det nye namnet på gruppa vart no Supersilent, eit ord dei skal ha oppdaga på ein lastebil. Namnet vert ofte sett på som ironisk, sidan dei ofte baserer improvisasjonane sine på store, høglydte støylandskap, men ein kan òg tolke det som ei stadfesting av det lite «verbale» uttrykket deira, manifestert i dei einsfarga plateomslaga og generiske sportitlane («1.1», «1.2», «2.1» osv.).
Siste plater
I januar 2009 forlét Jarle Vespestad gruppa for å forfølgje andre musikalske interesser. Like etter hadde dei eit opphald i Rainbow Studio, der dei utelukkande spela på tre hammondorgel, utvida med omfattande effektar. Resultatet av dette, og nokre andre opptak, vart redigert ned til plata 9, som kom ut same hausten. Det store musikalske spranget frå dei føregåande platene vart lagt merke til i musikkpressa og fekk både overveldande og meir avventande meldingar. I 2010 gjekk dei attende til dei originale instrumenta sine og gav ut 10, som fekk ei gjennomgåande god mottaking. 10 er den førebels siste plata til Supersilent, men gruppa held framleis konsertar kringom i verda.
Omslag og konsept
Dei einsfarga plateomslaga deira er designa av kunstnaren og musikaren Kim Hiorthøy og vart introduserte på 5 i 2001. Då 1–3 og 4 vart relanserte seinare, fekk også desse platene like omslag, og det er dei som vert brukte i dag. Plateomslaga, i tillegg til dei generiske sportitlane, har vorte ein umiskjenneleg del av varemerket og det viktigaste visuelle kjenneteiknet på platene til Supersilent. Slik konsentrerer dei merksemda mot musikken, noko mange meiner dei i stor grad har lukkast med. Inntrykket er forsterka av at dei ofte har få scenelys på konsertane sine og gjerne står vende innover mot kvarandre på scena i staden for utover mot publikum. Det tydelege konseptet deira og personfokuseringa i musikken har vore med på å styrkje den internasjonale statusen, som har vakse stendig sidan starten i 1997.
Konsertar og samarbeid
Supersilent har drive konsertverksemd jamleg i mange år og har spela på dei fleste av dei viktigaste norske festivalane og scenene for jazz og samtidsmusikk, i tillegg til mange internasjonale. Til dømes har dei spela på Molde International Jazz Festival, Kongsberg Jazzfestival, Øyafestivalen, Royal Festival Hall i London og Roskildefestivalen. Sidan all musikken deira er improvisert, er kvar konsert ei heilt unik oppleving.
Dei har samarbeidd med mange kjende musikarar og grupper, mellom anna Terje Rypdal, Nils Petter Molvær, John Paul Jones og Hans Magnus Ryan. Heller ikkje på slike samarbeidskonsertar øver musikarane på førehand. I 2010 var dei på ein lengre noregsturné med Motorpsycho, i regi av Rikskonsertane.
Kjelder
Vossajazz: http://vossajazz.no/ [lesedato 6.11.12]
Supersilence, uoffisiell nettstad: http://supersilence.net/ [lesedato 6.11.12]
Intervju i WIRE (1999), transkripsjon tilgjengeleg her: http://i1.no/0eag/ [lesedato 6.11.12]

Først publisert: 04.09.2013
Sist oppdatert: 25.11.2013