Hopp til innhold
X
Innhald

The Aller Værste!

The Aller Værste!, nyveivband frå Bergen, samansett av Chris Erichsen (vokal, gitar), Ketil Kern (trommer), Sverre Knudsen (vokal, bass, orgel), Lasse Myrvold (vokal, gitar, orgel) og Harald Øhrn (vokal, bass, orgel.
 
Dei fekk Spellemannprisen i kategorien nyrock for albumet Materialtretthet (1980). Bandet gjekk i brodden for eksperimentell, norsk rock, og dei var inspirert både av punk- og ska-musikk. Bandet eksisterte i berre omlag to år og gav ut to plater men har likevel fått ein viktig plass i norsk rock.

Plater: Materialtretthet (1980) og Disniland i de tusen hjem (1981).
 
Sjå videoklipp av The Aller Værste:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2013
Sist oppdatert: 29.10.2013