Hopp til innhold
X
Innhald

The Monroes

The Monroes, norsk pop-duo med Lage Fosheim (1958-2013) og Eivind Rølles (1959-2013). Duoen slo gjennom i 1983 med den sterkt ska/reggae-inspirerte Sunday People.
 

The Monroes, norsk pop-duo med Lage Fosheim (1958-2013) og Eivind Rølles (1959-2013). Duoen slo gjennom i 1983 med den sterkt ska/reggae-inspirerte Sunday People.

Sunday People vann Spellemannsprisen for årets album og The Monroes fekk Spellemannsprisen for Årets artist i 1984.

Albumet Face Another Day (1985) vart eit av dei mestseljande albumet det året.
 
Gruppa gjorde ein ny versjon av Chererio saman med artisten Racvi og DJ Løv i 2005, under namnet Tsjeriåu. Også denne versjonen gjekk til toppen av hitlistene.
The Monroes vart løyst opp i 1993. Både Fosheim og Rølles heldt fram med eigne musikalske prosjekt. Fosheim var ein sentral person i norsk musikkbransje og arbeidde mellom anna i Universal Music og arbeidde med artistar som Odd Nordstoga.
Sjå videoen til Sunday People:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2013
Sist oppdatert: 25.11.2013