Hopp til innhold
Plateomslaget frå «Fordums frukter, friske frø»
Plateomslaget frå «Fordums frukter, friske frø»
X
Innhald

Tobben og Ero

Viseduoen Tobben og Ero, frå Tromsø, bestod av Torbjørn Willassen (gitar og song) og Jan Ero Olsen (gitar og song). Musikalsk har dei vorte karakteriserte som det norske svaret på den amerikanske duoen Simon and Garfunkel.

Viseduoen Tobben og Ero, frå Tromsø, bestod av Torbjørn Willassen (gitar og song) og Jan Ero Olsen (gitar og song). Musikalsk har dei vorte karakteriserte som det norske svaret på den amerikanske duoen Simon and Garfunkel.
Fleire av visetekstane til gruppa stamma frå norske og svenske diktarar, til dømes Knut Hamsun, Erik Lindorm og Aasmund Olavsson Vinje. Elles song gruppa norske folkeviser, i tillegg til songar på engelsk. Torbjørn Willassen sette melodiar til fleire av tekstane. Han og Olsen skreiv òg eigne visetekstar med sjølvkomponerte melodiar. Musikkstilen kan karakteriserast som viserock.
Jan Ero Olsen hadde musikalsk bakgrunn frå firemanns-bandet The DeCoys i Tromsø. Tobben og Ero starta karrieren sin i Sverige i 1969. Til å byrje med hadde dei eit samarbeid med to tidlegare medlemer frå The DeCoys, men dette vart raskt avslutta. Det var trubaduren Bjørn Erling Wohlin som introduserte duoen for det svenske visemiljøet, etter at han hadde høyrt Willassen og Olsen opptre på ein pub. Etter kvart fekk dei to tromsøværingane platekontrakt. Resultatet av dette vart to singlar, utgitt i 1970: «I am looking for a way to go» / «In the evening of my life» (av Willassen) og «Vals i Valparaiso» (av Evert Taube) / «Kjerringa med staven».
Etter desse platene fekk viseduoen mange speleoppdrag, og dei fekk òg vere med i svensk fjernsyn (SVT 1). Det førte igjen til at dei fekk opptre i eit show frå Gröna Lund i Stockholm.
I 1971 flytta duoen til Oslo. Det første albumet til gruppa kom i 1972 og fekk tittelen Fordums frukter, friske frø. Med dette kom gjennombrotet for dei to. Kritikken frå pressa var unisont positiv. Albumet låg inne på VG-lista Topp 40 i åtte veker.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: «Den dag kjem aldri (Vinje)», frå deira første plate Fordums frukter, friske frø (1972)
I løpet av dei fem neste åra følgde innspelinga av fire nye LP-plater, saman med mellom anna den svenske trubaduren Cornelis Vreeswijk og Phil Collins frå gruppa Genesis, i tillegg til turnear landet rundt.
Willassen og Olsen avslutta samarbeidet i 1976. I 1985 kom plata En dans på nevroser, som var resultatet av eit kort gjensynsmøte same året. Ei samleplate med tittelen 20 beste i Tobben & Eros verden vart utgitt i 2000. I samband med at denne plata kom ut, heldt duoen nokre konsertar.
Kjelder
Bodil Vibeke Davidsen: 20 beste i Tobben og Eros verden (hefte i samle-CD)
Ballade: «Tobben og Ero», mic.no, 6.8.2006: http://www.mic.no/nmi.nsf/doc/art2006053014030860294804 [lesedato 2.11.2012]
Lyden av Tromsø – trømsrelaterte artister på YouTube: «Esdor Jensen – en del av den svenske hippiekulturen», flowerpot.myftp.org, 2010: http://flowerpot.myftp.org/lydenavtromso/esdorJensen.shtml [lesedato 24.9.2013]
Robert Greiner: «Tobben og Ero med samleplate», nrk.no, 27.11.2000: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/troms_og_finnmark/1.217903 [lesedato 28.10.2012]
VG-lista: «Tobben & Ero», lista.vg.no, http://lista.vg.no/artist/tobben-ero/2672 [lesedato 10.9.2013]
Peikarar
Musikk av duoen på YouTube

Først publisert: 09.12.2013
Sist oppdatert: 11.02.2014