Faktaboks

Torleiv Bolstad
Fødd
25. oktober 1915, Øystre Slidre, Innlandet
Død
10. februar 1979
Torleiv Bolstad med hardingfele i 1965.
Av /Norsk Folkemuseum.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Torleiv Bolstad var ein kjend hardingfelespelar frå Øystre Slidre i Valdres. Han vann fire landskappleikar og la ned ein formidabel innsats i folkemusikkmiljøet.

Bakgrunn

Torleiv Bolstad var fødd på garden Bolstad i Øystre Slidre i Valdres i Kristians amt (no Innlandet). Naboen Torstein Rogne gav han den første musikalske innføringa, og etter kvart kom han i kontakt med andre kjende spelemenn. Ola Okshovd vart den store læremeisteren hans, og han fekk òg lære mykje av Sigurd Robøle og Knut og Syver Bolstad.

I 1940 vart Bolstad gift med Kjellaug Dale, og saman fekk dei to døtrer. Begge jentene døydde då dei var små. Bolstad livnærte seg i stor grad som snikkar, husmålar og handverkar. I tillegg til spelet sitt var han kjend for å lage vakre bruksgjenstandar av tinn og naturstein.

Folkemusikken

Etter å ha flytta til Oslo i 1947 var Bolstad aktivt med i fleire lag og organisasjonar, både som spelemann og instruktør. Mellom anna spela han fast for Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) og leikarringen på Bygdøy. Han var òg leiar av ei samspelgruppe av valdresspelemenn i Oslo og for Laget for folkemusikk.

Bolstad vert omtalt som ein varm og humoristisk mann. Han skildra det typiske valdresspelet som ein tonefarge som går over i det grå. Han meinte at same kor lystig slåtten er, så er der ein sår undertone. Han skal òg ha uttalt: «Villskapen kjem fram i musikken for ein del. Det vart harde tak når det gjekk som likast i danselaget. Musikken er i grunnen slik, kastut og vill.» Sidan er det tenkt at denne karakteristikken òg i stor grad var treffande for hans eige spel.

Bolstad viste eit uvanleg stort engasjement for det lokale folkemusikkmiljøet etter å ha flytta tilbake til Valdres. Han var med både som utøvar, læremeister og pådrivar i ulike samanhengar. Ikkje minst var han aktiv i etableringa av Hilme-stemnet. Stemnet vart første gongen halde i 1960, og det er framleis ei populær og godt besøkt tilskiping i folkemusikkmiljøet.

Læremeisteren Bolstad

Bolstad var oppteken av å lytte etter «det gode» i spelet hos andre. Spelet måtte ikkje alltid vere heilt korrekt, om ein berre kunne høyre speleglede og eit personleg preg over det. «Han er så godt eit menneske, og det høyrest når han spelar», sa han ein gong om ein elev som fekk kritikk for feil i spelet sitt.

Samstundes var Bolstad ein læremeister med eit skarpt blikk for detaljar. «Ingen har betydd meir for musikken min enn Bolstad», skriv Elisabeth Kværne i heftet På langeleik. Ho understrekar vidare at «Ved å lære oss langeleikspelarar å setje krav til oss sjølve, instrumentet og musikken vår, trur eg han meir enn nokon bidrog til å høgje nivået på langeleikspelet gjennom 70-åra.» Andre elevar Bolstad hadde er mellom andre Jan Arne Sebuødegård, Geir Harald Fodnes, Oddvar Lie og Erland Joplassen.

Utmerkingar

Bolstad vann fire landskappleikarhardingfela si, i 1946, 1957, 1970 og 1971. I 1973 kunne han reise heim med Kongepokalen etter jubileumskappleiken i Laget for folkemusikk i Oslo. Bolstad vart utnemnd til æresmedlem i Øystre Slidre Spelemannslag og i Landslaget for spelemenn i 1978. Han fekk avisa Valdres sin kulturpris i 1970 og Valdres folkemuseum sin gullmedalje i 1975. Frå 1976 fekk han statens stipend for eldre, fortente kunstnarar, og i 1978 fekk han tildelt æresløn frå dei seks valdreskommunane.

Eit eige stipend er oppretta etter Bolstad, Bolstads minnestipend. Stipendet vert årleg delt ut på Hilme-stemnet til ein utøvar under 25 år med særleg interesse og glød for folkemusikken.

Innspelingar

Bolstad spela inn til saman fem plater. Den han sjølv skal ha vore mest nøgd med, er «Feletona' oppunde' Bitihødn», frå 1977. Produsent var Sven Nyhus. På denne plata var det sju slåttar på kvar side, og det vart nytta heile seks ulike felestille. Dei andre platene han har vore med på, er «Ridderspranget», «Lyarlåttene i Valdres» og to plater i ein serie med folkemusikk produsert i 1970-åra, i eit samarbeid mellom NRK og plateselskapet RCA. I det store hardingfeleverket i serien Norsk Folkemusikk er det heile 58 slåttar etter Bolstad.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Trygve Bjørgo: «Minneord», Tidsskrift for Valdres historielag 1979
  • Arnfinn Engen: «Bolstad», Opplendingar som skapte framtid. Lillehammer 2005
  • Elisabeth Kværne og Valdres Folkemuseum: Utstillinga «Tølleiv». Fagernes 2015
  • Ingar Ranheim: Teksten på plateomslaget til Feletona´ oppunde´ Bitihødn, av Bolstad. Oslo 1986

Faktaboks

Torleiv Bolstad
Historisk befolkingsregister-ID
pf01073768002747

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg