Hopp til innhold
X
Innhald

Tre Små Kinesere

Tre Små Kinesere, popgruppe med Ulf Risnes, Øystein Hegge og Baard Slagsvold som vart danna i Trondheim 1988. Gruppa spelar fengjande musikk med humoristiske tekstar på trondheimsdialekt. 
 
Tre Små Kinesere fekk Spellemannprisen for albuma Luftpalass (1991) og Hjertemedisin (1994). Vidare kom mellom anna Ultralyd, Storeslem (begge 1998) og Gammel sykkel (2003). Tre Små Kinesere vart oppløyst i 2005 då Slagsvold slutta, men gjorde comeback i 2010 med Truls Waagø på bass.
 
Sjå videoen Salig med Tre Små Kinesere
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.10.2013
Sist oppdatert: 28.10.2013