Hopp til innhold
Foto: Geir Dokken
Foto: Geir Dokken
X
Innhald

Valkyrien Allstars

Valkyrien Allstars, ein original hardingfeletrio, med namn etter restaurant Valkyrien i Oslo, fornyar av norsk folkemusikktradisjon, med inspirasjon frå jazz, blues, rock og reggae, og med songtekstar frå fjern og nær.

Gruppa Valkyrien Allstars vart skipa i 2002 av Tuva Livsdatter Syvertsen, Ola Hilmen og Erik Sollid. Første albumet, Valkyrien Allstars, kom i 2007. Gruppa fekk Grappas debutantpris i 2006, vart nominert til spelemannsprisen i 2007 og kåra til Årets folkemusikkartist under Folkelarm i 2008. I 2010 var dei med under Dei nynorske festspela. Gruppa har vore med på festivalar og konsertar i Skandinavia og fleire andre land.
Læremeister på fele har særleg vore Hallvard Kvåle. Magnus Larsen (bass) og Martin Langlie (trommer) er med under innspelingar og konsertar, og ved nokre høve har gruppa invitert med musikarar som Marit Steinsrud (langeleik), Anders Røine (munnharpe og langeleik) og Aslak Dørum (fleire instrument, mellom anna flygel).
Valkyrien Allstars tek ofte utgangspunkt i gamle slåttar og stevtekstar frå til dømes Setesdal, Valdres eller Numedal. Gruppa legg vekt på å setje eit moderne preg på musikk og framføring, men tek pietetsfullt vare på det sensuelle, løyndomsfulle, vemodige eller dramatiske islettet ein ofte finn i tekst og klangbilete frå den gamle tradisjonen.
Nokre av tekstane og melodiane lagar dei sjølve. Valkyrien Allstars har elles tonesett dikt av William Shakespeare, gjendikta av André Bjerke, Lord Byron, gjendikta av Karen Sofie Hansen, Henrik Ibsen, Arne Garborg / Jon Bjørgulvson Rysstad, Halldis Moren Vesaas og Olav H. Hauge.
Gruppa nyttar begge målformer eller dialekt. 
Kjelder 
Anne Hytta (red.): «Seks unge anno 2009 – Erik Sollid», Årbok for norsk folkemusikk 2009
Informasjon frå albuma Valkyrien Allstars (2007) og To måner (2009)
Valkyrien Allstars, offisiell nettstad, http://www.valkyrienallstars.com/ [lesedato 15.2.2011]
Valkyrien Allstars på myspace.com, http://www.myspace.com/valkyrienallstars [lesedato 15.2.2011]

Først publisert: 14.09.2011
Sist oppdatert: 11.04.2014