Hopp til innhold
Logoen til Vamp.
Logoen til Vamp.
X
Innhald

Vamp

Vamp, prisløna og anerkjend viserock-gruppe som syng på haugesundsdialekt og står bak songane «Tir n'a Noir» og «Månemannen». Gruppa framfører songar skrivne av Kolbein Falkeid og mange andre framståande poetar og tekstforfattarar.

Haugesundsgruppa Vamp blei danna i 1991 av Øyvind Staveland (f. 1960), Torbjørn Økland (f. 1964), Carl Øyvind Apeland (f. 1964), Erling Sande (f. 1964) og Jan Ingvar Toft (f. 1961). Dei signerte platekontrakt med MajorStudio i 1992, og debutalbumet God morgen søster, med songen «Tir n'a Noir» og gjestevokalist Rita Eriksen kom i 1993. Vamp fekk spelemannspris for dette albumet.
Gruppa har hatt tre faste vokalistar: Jan Ingvar Toft (1991–1999 og frå 2014), Vidar Johnsen (1999–2007) og Paul Hansen (2007—14). På albumet Liten fuggel (2012) er det tre vokalistar: Paul Hansen, Odin Staveland og Øyvind Staveland. Felespelar Øyvind Staveland har vore ein av frontfigurane sidan starten og har komponert ei rekkje av songane. Gruppa syng på haugesundsdialekt og har ry som eit strålande liveband, med delvis irsk-inspirert folkemusikk, viser og rock. Dei har hatt mange turnear rundt om i landet, seinast i 2013.
Gruppa har gitt ut 14 album, dei siste Liten fuggel (2012) og To med alt (2013) som oppsummerer dei første 20 åra. Vamp har fått spelemannspris fem gonger og Prøysenprisen (1996). Alle albuma har nådd Topp 20, dei fleste også Topp 10 på VG-lista, og gruppa har selt meir enn 600 000 plater.
(Artikkelen held fram under biletet)
Vamp (2014). Frå venstre: Bjørn Berge, Odin Staveland, Øyvind Staveland, Kjetil Dalland og Jan Ingvar Toft. Foto: Haakon Nordvik/ vamp.no
Vamp (2014). Frå venstre: Bjørn Berge, Odin Staveland, Øyvind Staveland, Kjetil Dalland og Jan Ingvar Toft. Foto: Haakon Nordvik/ vamp.no (pressefoto)
Dusinet fullt
Alle dei 13 albuma Vamp har gitt ut, har fått strålande kritikkar. Dei har turnert over heile landet i ei årrekkje, og Vamp er vidgjeten for musikarar med godt samspel. Gruppa er leiken, har kraft og energi og ei speleglede som trollbind publikum. Gruppa er svært oppteken av støtte lokalmiljøa der dei held konsertar. Dei skriv kontraktar med lokale arrangørar som sikrar at noko av det eventuelle overskotet blir att i lokalsamfunna, og det gjer at dei lettare kan kome tilbake neste gong.
Musikken til Vamp er inspirert av irsk musikk, med fele- og fløytemusikk, og av havet, historia og kulturen frå landa kring Nordsjøen. Musikken er melodisk, og gruppa har mange vakre balladar og eit preg av folkrock. Songen «Tir n'a Noir» er blitt allemannseige. Andre grupper er inspirerte av stilen deira, mellom anna gruppa Publiners.
En annen sol (2000) var ei rekkje kjende artistar med som gjestevokalistar. Saman med japanske Emi Fujita og Rita Eriksen gav Vamp ut albumet Camomile (2001). Gruppa bidrog òg med «Menuett i mai» på haugesundsdialekt på Gull i frå grønne skoger (2003), ei samleplate med songar av Vidar Sandbeck.
Med Månemannen (2002) styrkte Vamp posisjonen sin som ei av dei mest populære gruppene i landet. Siste stikk (2006) gav 1.-plass på VG-lista og spelemannspris, og Vamp i full symfoni (2006) selde i 150 000 eksemplar og inntok også 1.-plassen på VG-lista. Konserten med Kringkastingsorkestret blei vist på NRK, og Vamp blei Årets spelemann det året.
St. Mandag kom i 2008, med Paul Hansen som ny vokalist. Odin Staveland og Birger Mistereggen var og komne til sidan den førre plateutgivinga. På I full symfoni 2 (2010) var songaren Eivór Pálsdóttir frå Færøyane gjesteartist. Vamp fekk nok ein 1.-plass på VG-lista, og konserten blei vist på NRK hausten 2010.
Vokalistar
Jan Ingvar Toft var vokalist og frontfigur saman med Øyvind Staveland frå 1991 til 1999. Toft har ei sjelfull og særeigen røyst, og han skreiv mellom anna melodi til songane «Hallo – Adjø», «Det e derfor eg synge», «Sally O'Neill», «13 humler» og «Jentene på landet». Han har opptredd med Vamp ved visse høve seinare.
Vidar Johnsen (vokalist 1999–2007) var med på Månemannen, Siste stikk og I full symfoni, og han har skrive melodi til «Fuglane vett», «Så nær», «Under jorda» og «Forfengelige måne». Paul Hansen (vokalist frå 2007) har vore med på St. Mandag, I full symfoni 2 og Liten fuggel og har skrive melodi til «Amanda» og «Ta meg med». På albumet Liten fuggel er tre vokalistar hovudsongarar på kvar sine låtar: Paul Hansen, Øyvind Staveland og Odin Staveland.
Frå 2014 er Jan Ingvar Toft igjen vokalist i Vamp.
Tekstforfattarar
Lyrikaren Kolbein Falkeid har skrive mange av tekstane til Vamp, mellom anna «Tir n'a Noir», «Lindehålsma'en», «Mariann», «Ingeborg» og «God morgen søster». Samarbeidet med Falkeid blei innleidd i 1991. Ingvar Hovland har òg skrive mange tekstar for gruppa, spesielt på Siste stikk og St. Mandag.
Vamp har, først og fremst ved Øyvind Staveland, tonesett tekstar av Inger Hagerup, Per Olav Kaldestad, Odd Børretzen, Jan Eggum, Ingvar Moe, Harald Sverdrup, Arnt Birkedal, Astrid Hjertenæs Andersen, Hans Børli, Ole Paus og Per Inge Torkildsen.
Besetning 2014
Vamp hadde i 2014 desse medlemene: Øyvind Staveland (f. 1960) på fele, bratsj, trekkspel, fløyter, einrader og vokal, Jan Ingvar Toft, vokal, Odin Staveland (f. 1985) på flygel, trøorgel, piano, trommer, trekkspel og vokal, Eivør Pàlsdòttir (f. 1983), song og kor og Torstein Lofthus (f. 1977) på trommer. Torbjørn Økland og Carl Øyvind Apeland trekte seg ut i 2014 etter å ha vore med frå starten. Gitarist Bjørn Berge tok i 2014 over etter Torbjørn Økland og Kjetil Dalland tok om lag på same tid over etter Carl Øyvind Apeland som bassist.
Video med Vamp: «Tir n'a Noir». Videoen er henta frå youtube.com, http://www.youtube.com/watch?v=gcJuBeiCqx0&noredirect=1 [lesedato 29.6.2013]
Kjelder
Jon Vidar Bergan: «Vamp», snl.no, http://www.snl.no/Vamp [lesedato 19.9.2011]
Ståle Frafjord: «- Gleder oss til få med Jan igjen, sier Vamp-sjefen», nrk.no, publisert 10.6.2014: http://www.nrk.no/rogaland/vamp-med-ny-plate-neste-ar-1.11771041 [lesedato 12.6.2014]
Per Øystein Kvindesland og Magnus Stokka: «Bjørn Berge blir ny Vamp-gitarist», nrk.no, publisert 22.10.2014, http://www.nrk.no/rogaland/bjorn-berge-blir-ny-vamp-gitarist-1.12000709 [lesedato 23.10.2014]  
Per Langlo: «Ingvar Hovland», snl.no, sist oppdatert 15.4.009, http://www.snl.no/Ingvar_Hovland [lesedato 19.9.2011]
Per Langlo: «Jan Ingvar Toft», snl.no, sist oppdatert 17.3.009, http://www.snl.no/Jan_Ingvar_Toft [lesedato 19.9.2011]
Eirin Larsen og Einar Espeland: «Flere medlemmer forlater Vamp», nrk.no, publisert 10.6.2014: http://www.nrk.no/rogaland/vamp-opploses-1.11768637 [lesedato 12.6.2014]
Per Jakob Skaanes: «Jan Ingvar Toft. Alle e aleina», platemelding, viser.no, http://viser.no/blad/2010/jan-toft-alle-e-aleina/ [lesedato 19.9.2011]
Vamp, nettstad, http://www.vamp.no/ [lesedato 19.9.2011]
Vamp: Pressemelding: «VAMP med ny besetning», vamp.no, publisert 22.10.2014, http://vamp.no/for-pressen/?id=21 [lesedato 23.10.2014]
Peikarar

Først publisert: 19.09.2011
Sist oppdatert: 22.01.2015