Hopp til innhold
X
Innhald

Vazelina Bilopphøggers

Vazelina Bilopphøggers, rockabily/popgruppe frå Toten som vart danna i 1980. Musikken deira er sterkt inspirert av pop og rock ’n’ roll frå 1950- og 1960-åra, og han er på totendialekt. Medlemmene er Eldar Vågan, Rune Endal (slutta i 1991), Jan Einar Johnsen, Viggo Sandvik (slutta i 2006), Arnulf Paulsen og Kjetil Foseid. Gruppa står bak fleire plateutgivingar, og medlemmene har også etablert seg som revyartistar.
 
Vazelina Bilopphøggers har skrive mange populære songar som Blå lys, Surfbrett, og Spikre paller.

Sjå videoen til Surfbrett:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 13.01.2014