Hopp til innhold
X
Innhald

Vinskvetten

Vinskvetten, gruppe frå Salhus utanfor Bergen med utbreidd konsert-, plate- og revyproduksjon i perioden 1986–2009. Vinskvettens varemerke er humor, strilekultur og striledialekt.

Namnet Vinskvetten (før Salhus Vinskvetten) er inspirert av vokalgruppa Salhuskvintetten, som var svært populær i 1950- og 60-åra. Vinskvetten hadde desse medlemmene: Bjørn Jensen (frontfigur, vokal, gitar), Gunnar Låstad (bass), Arild Totland (trommer), Øyvind Østerbø (gitar), Jarle Farestveit (trekkspel).

Vinskvetten gav ut sju plater, og tre av dei selde til gullplate: Platå (1988), På helså laus (1991) og Rånnyen og kveitebollen (1997). Mange songar og revyfigurar lever etter gruppa, men over alle tronar «Ferjebillettøren». Peder'n, spela av Bjørn Jensen, insisterer på hovudrekning i alle situasjonar, og med denne figuren trefte Vinskvetten noko vestlendingar kjenner og liker. Den siste revyen, «No kjem dei tre siste» (2008–2009) selde over 30 000 billettar.

Den fiktive bygda Råthåla, alias Salhus, er Vinskvettens univers, med tekstilindustri, ferjekai og strilekultur. Eit steinkast unna ligg Bergen by, med sin modernitet og tradisjonar for strileforakt. I dette spenningsfeltet utfaldar Vinskvetten ein grovkorna og sjølvutleverande humor, gjerne kledde i lusekufter og slips. På den eine sida karikerer Vinskvetten strilane, gjennom sjølvironi, men denne folkelege humortradisjonen handlar òg om kulturelt sjølvmedvit og ein opposisjon til dei urbane kulturelitane. Eliten sine standardar og verdiar blir suverent ignorerte av karar og kvinnfolk frå Råthåla.

Kjelder

«Fekk strilehumor i arven frå mor», intervju med Bjørn Jensen  i Bergens Tidende 27.03.2009

Bård Ose: Helselaust. Historien om Salhusvinskvetten. Bergen 1996

Peikarar

Nettstaden til Vinskvetten

Først publisert: 16.09.2010
Sist oppdatert: 20.07.2018