Vømmøl Spellmannslag
Vømmøl Spellmannslags avslutningskonsert på Chateau Neuf i Oslo i 1974
Vømmøl Spellmannslag
Av /Aftenposten/NTB.

Vømmøl Spellmannslag var ei politisk radikal visegruppe frå Trøndelag. Gruppa hadde enorm suksess i 1970-åra. Vømmøl (trøndsk for vadmål) erobra landet med humørfylt framferd, fengjande viser om alvorlege tema og eit originalt instrument. Primus motor var Hans Rotmo.

Bakgrunn

Vømmøl Spellmannslag vart danna av fire studentar ved Universitetet i Oslo i 1973: Hans Rotmo (vokal, fele, lurk, komponist og låtskrivar), Hans Løkken (vokal og mandolin), Geir Solheim (gitar, vokal, munnspel) og Leiv Prestvik (bass, vokal). Dei laga seg sitt eige univers, Vømmøldalen, og kvart sitt alter ego.

Hans Rotmo laga også eit eige instrument, som han kalla «lurk», av ein lang seljestokk med ein støvel nedst. Lurken vart eit varemerke for Vømmøl Spellmannslag, saman med trønderdialekten.

Hausten 1973 slo Vømmøl igjennom på ein konsert på Chateau Neuf, der «Høvlerivisa» vart framført første gongen. Mot slutten av året teikna dei kontrakt med det nystarta plateselskapet MAI. 1. mai 1974 vart albumet Vømmøl'n lansert.

Året etter følgde dei opp med Vømlingen. Begge dei første platene selde rundt 60 000 eksemplar. Vømlingen hadde Norsktoppen-hits som «Førarkortet» og «Det er itjnå som kjem tå seg sjølv». Men bandet vart oppløyst alt same året. Ti år seinare laga dei eit jubileumsalbum med Åge Aleksandersen som produsent, Vømmølåret. Denne plata var ein nesten like stor suksess som dei to første.

Til dei første albuma følgde det med trykksaker som inneheldt tekstar, introduksjonar og bakgrunnsstoff til songane. Vømmøl'n hadde eit 24-siders hefte i A4-format med tekst, bilete, teikningar og kart. På Vømlingen var heftet utforma som ei avis, kalla Porcelen Tidende, ei fire siders lokalavis med nyhende og anna, og i kulturspaltene stod songtekstane til albumet. Desse to trykksakene var med på å understøtte biletet av den oppdikta Vømmøldalen og skapte truverde og miljø til songane.

Musikken

Viseform

Songane til Vømmøl Spellmannslag har ei klassisk viseoppbygging, mange etter mønster frå den episk-lyriske viseforma med vers og refreng som vert tekne opp att etter eit fast mønster, sikre rim og taktfast rytme. Dette er fengjande folkrock, der instrument som fele og trekkspel gir lyden eit folkemusikkaktig preg, og der vokalen er langt framme i lydbiletet. Sunge på sikker dialekt og med radikalt innhald sprengde denne musikken grenser og hadde samtidig eit lydbilete som spegla tidsånda.

Tidsånd

Ved inngangen til 1970-åra song norske rockeband på engelsk. Men framover i dette tiåret endra dette seg, ikkje minst i Trøndelag, der trønderrocken vart eit omgrep, med utøvarar som Terje Tysland, Åge Aleksandersen og altså Hans Rotmo. Mykje av rocken og populærmusikken frå denne perioden vert kalla «progressiv», og Vømmøl Spellmannslag er ein typisk representant. Det tyder ikkje berre politisk radikal, men også at musikarane i desse banda var opptekne av kreativ fridom og musikalsk kompleksitet. Musikken var ein del av ei stor rørsle med nye idear og uttrykk som stod sterkt i samtida.

Musikarane i Vømmøl Spellmannslag høyrde til miljøet rundt AKP (m-l)-rørsla i desse åra, og dei var kompromisslause i å kritisere kapitalismen. Dette skin igjennom i dei mest kjende songane, som i «Det er itjnå som kjem tå seg sjølv», frå albumet Vømlingen.

Skjemt og alvor i tekstane

Tekstane til Spellmannslaget har eit stort spenn. Her er mykje humor og tidvis absurde skildringar av bygdelivet. Men bak humoren finst eit djupt alvor og eit engasjement som tek opp tema som fascisme, fattigdom, urettvise og klassekamp. Tekstane skildrar livet og problema som folk i utkant-Noreg strir med, mellom anna fråflytting og kommersialisering. Vømmøl-musikken har attkjennelege og levande figurar og miljø og tek opp tema som engasjerte sterkt i samtida.

Oppløysing

Vømmøl Spellmannslag vart oppløyst i 1975. Rotmo heldt fram med ny besetning i ei ny gruppe, Arbeidslaget hass K. Vømmølbakken, der han vidareførte prosjektet om Vømmøl-bygda, men gruppa hadde ikkje same gjennomslagskraft. Geir Solheim døydde i 2007, Hans Løkken i 2021.

Vømmøl Spellmannslag var berre aktive nokre få år midt i 1970-åra og ein endå kortare periode ti år seinare. Likevel sette gruppa djupe spor etter seg i norsk musikkhistorie. Vømmøl har vorte eit omgrep – synonymt med fengjande folk/rock-viser med stor gjennomslagskraft og eit sterkt engasjement i kampen mot urettvise og undertrykking. Kanskje er det aller mest den sprelske humoren som gjer at desse visene – i motsetnad til mykje anna progressiv 1970-talsmusikk – har halde seg levande og står sterkt den dag i dag.

Norsktoppen-hits

  • Høvlerivisa (1974, førsteplass på Norsktoppen)
  • Tango kapital (1974)
  • Peder og Hammarforsens brus (1974, førsteplass)
  • Spæll åt mæ (1975)
  • Arbeidslaget hans Johannes Johansen (1975, førsteplass)
  • Veivisesketsj (1975)
  • Det er itjnå som kjem tå seg sjølv (1975, førsteplass)
  • Feskarvals (1975)
  • Auksjonsvisa (1984, førsteplass)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg