Hopp til innhold
X
Innhald

Wannskrækk

Wannskrækk, pønkeband som var Trondheim sitt viktigaste bidrag til den norske pønkebølgja. I 1985 skifta dei namn til DumDum Boys.

Wannskrækk vart starta i 1979. Etter eit par utskiftingar dei første åra bestod bandet til slutt av Prepple Houmb song, Kjartan Kristiansen gitar, Persi Iveland bass og Sola Jonsen trommer. Det var denne samansetninga som spela inn tolvtommaren Wannskrækk 12'' i 1982. Bandet platedebuterte nokre år før det på samleplata Kraftrock, frå 1980, før dei gav ut singelen «Faen kuler treffer aldri riktig» i 1981.

Wannskrækk var eit formidabelt liveband, men kontrakt med plateselskap fekk dei likevel ikkje. Utover i 1980-åra endra musikken seg ein del. Den aggressive pønken vart tona ned til fordel for meir radiovenleg rock, og dei skifta namn til DumDum Boys. Wannskrækk heldt sin offisielle avskjedskonsert under namnet Wannskrækk i desember 1985.

Kjelder

«Wannskrækk», i Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rock leksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005

Først publisert: 07.12.2018
Sist oppdatert: 07.12.2018