Hopp til innhold
X
Innhald

Zoo

Zoo, poprockband frå Stokmarknes. Zoo var eit av dei leiande popnamna i Noreg tidlig i 1980-åra.

Zoo blei danna i 1966. I 1977 blei Ketil Stokkan med i bandet, og han blei den leiande drivkrafta. I tillegg til å vere vokalist og å spele gitar komponerte han nær sagt alt materialet på dei tre første albuma. Bandet blei oppløyst i 1983, men kom saman att i 2000.

Dei første åra satsa gruppa på engelskspråkleg rhythm & blues, men skifta til norske tekstar og song på dialekt frå 1980. Dei bytte namn til Focus i 1970, men måtte skifte tilbake igjen då det nederlandske bandet Focus dukka opp. Medlemene i det første Zoo var Royer Larsen (bass), Tobben Pedersen (rytmegitar), Gøsta Lind (trommer), Einar Jakobsen (vokal) og William Hakkvåg (sologitar).

Dansbar og fengjande musikk med tekstar som handla om kvardagslivet til omreisande musikarar, blei etter kvart merkevara deira. Det landsomfattande gjennombrotet kom i 1980 med albumet Noregs heitaste. Blant dei største hitane til bandet finn vi «Evig ung» og «Vent, ikkje legg på» frå albuma Z på maken og Gaya.

Bandet skifta medlemer mange gonger, og fleire gjekk over til andre band, til Prudence, Nøkken og Banana Airlines. Under gjenforeininga i 2000 var besetninga den same som i glansperioden, med Ketil Stokkan (vokal, gitar) Sverri Dahl (vokal, keyboards), Rudi Høynes (trommer), Trond Nyrud (fløyte, saksofon) og Erling Andersen (bass).

Hausten 2009 blei det sett opp ein musikal i Vesterålen basert på musikken til Zoo. Bandet spelar framleis konsertar.

Kjelder

Norsk pop- og rockleksikon. Oslo 2005

«Zoo», biografi frå Norsk pop- og rockleksikon på ballade.no, publisert 6.8.2006, Norsk pop- og rockleksikon, http://www.mic.no/nmi.nsf/doc/art2006053111382364920119 [lesedato 14.3.2012]

Nettstaden til Ketil Stokkan: http://ketilstokkan.no/ [lesedato 14.3.2012]


Først publisert: 19.10.2015
Sist oppdatert: 19.10.2015