Hopp til innhold
Eit utval av utgjevingane på På Norsk L/L. Foto: Arild Torvund Olsen.
Eit utval av utgjevingane på På Norsk L/L. Foto: Arild Torvund Olsen.
X
Innhald

På Norsk L/L

På Norsk L/L, norsk plateselskap som gav ut innspelingar med tekstar på nynorsk og dialekt. Selskapet hadde utgivingar innanfor mange ulike sjangrar, frå rock til diktopplesingar.

På Norsk L/L vart skipa 10. mai 1982. Bak selskapet stod Noregs Ungdomslag, Noregs Mållag, Kringkastingsringen, Noregs Boklag, Det Norske Samlaget, Landslaget for spelemenn, TT-studio, Heilo Musikk, Oppsong A/S og Det Norske Teatret. Ola E. Bø var dagleg leiar dei første åra. I 1985 tok Bondeungdomslaget i Oslo over aksjefleirtalet, og Oddvar Natvik vart ny dagleg leiar. Selskapet gjekk konkurs tidleg i 1988.

Det første året hadde selskapet ut to utgivingar: ei innspeling av Garborg-framsyninga Ein diktar og hans strid, med Gisle Straume, og eit konsertopptak med Stanley Jacobsen og Ingvar Moe på kassetten Kattaliv og anna sædløysa. Året etter, i 1983, var det mest aktive året til På Norsk L/L, med heile sju utgivingar, inkludert barneplatesuksessen Rocken Bom og andre frå Songboka mi. Ei anna viktig utgiving det året var Tid å hausta inn, der Kari Bremnes og Lars Klevstrand song komposisjonar som Per Indrehus hadde laga til tekstar av Olav H. Hauge og Hans Børli.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Ill.: Foto av plata «Rocken Bom og andre frå Songboka mi». Foto: Arild Torvund Olsen.
I 1984 kom mellom anna julesingelen «Den fattige Gud», med musikk av Henning Sommerro og tekst av Edvard Hoem. Same året gav selskapet òg ut den Spelemannpris-nominerte plata Epitafios, der Hege Tunaal tolka musikken til Mikis Theodorakis på nynorsk.
Fleire år med budsjettunderskot gjorde at utgivingstempoet etter kvart vart mindre, med berre éi utgiving i 1986. I staden vart det satsa meir på underbruket Plateringen På Norsk, ein plateklubb der folk kunne kjøpe plater med norskspråklege artistar som Olav Stedje og Åge Aleksandersen. I 1987 byrja selskapet å gi ut fleire plater att, men det lét seg ikkje gjere å få økonomien på fote, og i oktober 1987 kom det som vart den siste utgivinga til plateselskapet, ei innspeling av Ivar Aasen-framsyninga Dikt og sanning, med Gisle Straume.

Diskografi

Vinylsinglar
PNS 001 (1983) «Kongeslåtten» / «Utsyn frå Vikastøylen»
PNS 002 (1983) Sunnmøre bårelag: «Blide mannj» / «Ola normal»
PNS 003 (1984) Henning Sommerro: «Den fattige Gud» / «Julekveld»
Album

PN 8201 (1982) Gisle Straume: Ein diktar og hans strid

PNK 8202 (1982) Stanley Jacobsen og Ingvar Moe: Kattaliv og anna sædløysa
PN 8203 (1983) Gisle Straume: Ein hippie frå Telemark
PN 8204 (1983) Asmund Bjørkens gammeldansorkester: Trøndersk gammeldans
PN 8205 (1983) Kari Bremnes og Lars Klevstrand: Tid å hausta inn
PN 8206 (1983) Rocken Bom og andre frå Songboka mi
PN 8207 (1983) Hilmar Alexandersen og gjester: ’n Hilmar (2LP)
PN 8208 (1984) Hege Tunaal: Epitafios
PN 8209 (1984) Geirr Lystrup: Kom sol på alle mine berg
PNK 8210 (1984) Henning og borna: Lille Bitte Bue
PN 8213/8214 (1985) Albert Lange Fliflet: Utdrag frå Kalevala (2LP)
PN 8215 (1985) Eg er liten eg, men eg vågar meg
PN 8216 (1985) Geir Egil Larsen: Fløytlåt og dansarslått
PN 8217 (1986) Lillibeth Lunde Elgstøen: Som dogg i måråsol
PN 8218 (1985) Sigve Bøe: Theodorakis ... og namnet hennar er fridom
PNK 8219 (1987) Slåttar og songar til Grunnbok i folkedans
PN 8220 (1987) Stensgårds gammeldansorkester: Gammel årgang
PN 8221 (1987) Ivar Medaas og Ove Thue: Ansikt til ansikt
PN 8223 (1987) Gisle Straume: Dikt og sanning
(PNK = kassett. PN = LP (desse titlane finst òg i kassettutgåve))

Kjelder

Eiga platesamling
Bergljot Engeset: «– Målsaka er ei høgst moderne sak!», Firda folkeblad 21.1.1985

NRK P1 programrapport 28.11.1985

«Nynorsk plateselskap – På norsk L/L», Jærbladet 6.8.1982
«Plateselskapet 'På Norsk' L/L – teikningsinnbyding – utviding av lutmidel 1985», lysing i Dag og Tid 27.6.1985
Noregs Mållag – årsmelding for 1985
Noregs Mållag – årsmelding for 1986
«Straume på plate», Adresseavisen 7.10.1987
«Konkursåpning», lysing i Aftenposten 15.2.1988
«Og byen er vår bror ...». Bondeungdomslaget i Oslo 1899–1989. Oslo 1989

Først publisert: 06.10.2014
Sist oppdatert: 02.01.2017