Hopp til innhold
X
Innhald

ABBA

ABBA, svensk popgruppe. Medlemmene var Benny Andersson (f. 1946), Agnetha Fältskog (f. 1950), Anni-Frid Lyngstad (f. 1945) og Björn Ulvaeus (f. 1945). Dei braut gjennom internasjonalt med «Waterloo», som vann Melodi Grand Prix i 1974. Gruppa vart oppløyst i 1982. Andersson og Ulvaeus skreiv musikken til musikalane Chess (1984) og Kristina från Duvemåla (1995). Andersson, Fältskog og Lyngstad har seinare gitt ut soloplater.
 
Foto:Peter Forret Flickr.com CC BY-NC
Foto:Peter Forret Flickr.com CC BY-NC
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 22.04.2014