Hopp til innhold
X
Innhald

Antal Dorati

Antal Dorati, 1906–88, var ungarsk-amerikansk dirigent. Dorati var sjefdirigent ved Monte Carlo-balletten og i 1938 utvandra han til USA.
Der var han mellom anna sjef for symfoniorkestra i Dallas og Minneapolis. Dorati spela inn alle Haydn-symfoniane saman med Philharmonia Hungarica.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014