Hopp til innhold
X
Innhald

Antonín Dvořák

Antonín Dvořák [dvårzjak], 1841–1904, var tsjekkisk komponist. Dvořák var direktør for konservatoriet i Praha og leiar for National Conservatory i New York.
Han skreiv nasjonalromantisk musikk som rytmisk og melodisk var forankra i slavisk folkemusikk.
 
Dvořák komponerte mellom anna ni symfoniar, strykekvartetter, ein cellokonsert og to sett slaviske dansar. I tillegg kjem elleve operaer, som Rusalka, og korverka Stabat mater og Requiem.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014