Hopp til innhold
Arnold Schönberg, foto tatt i Los Angeles rundt 1940. Brukt med løyve.
Arnold Schönberg, foto tatt i Los Angeles rundt 1940. Brukt med løyve.
X
Innhald

Arnold Schönberg

Arnold Franz Walter Schönberg, austerriksk komponist og målar. Han var ein pioner for både atonal og seriell musikk, dei kanskje mest banebrytande nyvinningane innanfor klassisk musikk på 1900-talet.

Arnold Schönberg var fødd i Wien 13. september 1874 og døydde i Los Angeles 13. juli 1951. Han kom frå ein rimeleg fattig familie, og då faren døydde i 1891, slutta han på skulen og fekk seg jobb i ein bank. Han tok aldri formell utdanning, men då han var i tjueåra, fekk han inntekt mellom anna ved å arrangere operettar og ta andre lause jobbar i musikkindustrien. Seinare arbeidde han mykje som lærar, og dei mest prominente elevane hans i Wien var Anton Webern og Alban Berg, som saman med Schönberg dannar det vi kallar «den andre wienerskulen». Sidan komposisjonsverksemda hans ikkje gav noka nemneverdig inntekt, arbeidde han med undervisning sjølv etter at han vart ein verdskjend komponist.

Schönberg var den første til å komponere atonalt, altså utan å orientere musikken rundt eit tonalt sentrum. Han hadde fleire teknikkar for å strukturere musikken, der den viktigaste var «tolvtoneteknikken» (dodekafoni). Denne teknikken la grunnlaget for den moderne serialismen, der ein organiserer alle musikalske parametrar i liknande rekkjer.

Heilt sidan musikken og teoriane hans vart kjende, har Arnold Schönberg vore ein av dei mest splittande personlegdomane i musikkhistoria. Han forma den klassiske tradisjonen på 1900-talet meir enn nokon annan, men auka samstundes gapet mellom dei profesjonelle komponistane og den lyttande allmenta. Frå Webern og Berg til Boulez, Stockhausen og vidare, heldt påverknaden frå Schönberg stand gjennom skiftande estetikkar og komposisjonsmetodar gjennom heile 1900-talet og fram til i dag.

Radikal seinromantikar

Det vesle Schönberg fekk av formell musikkopplæring, fekk han i Wien av venen og kollegaen Alexander von Zemlinsky, som han òg spela saman med i eit amatørensemble. Men i all hovudsak var Schönberg sjølvlærd som komponist. Han var fattig, og dei radikale komposisjonane hans vart fiendtleg mottekne i Wien. Berre takka vere progressive musikkforeiningar og prominente støttespelarar som Richard Strauss og Gustav Mahler gjekk det rundt økonomisk.

Eit sentralt tidleg verk er den seinromantiske strykesekstetten Verklärte Nacht, Op. 4, skrive i 1899, men først framført i 1902. Det symfoniske diktet Pelleas und Melisande, Op. 5 (1902, premiere 1905), Strykekvartett, Op. 7 (1905, premiere 1907) og Kammersymfoni for femten soloinstrument, Op. 9 (1906), som høyrer til den same gruppa av tonale komposisjonar, er framleis mellom dei mest populære verka hans og vert oftare framførte enn mange av dei «viktigare» atonale verka.

Ekspresjonisme og «dissonansen si frigjering»

Sidan hundreårsskiftet hadde Schönberg sin musikk strekt grensene for den seinromantiske tonaliteten lenger og lenger, og i 1908 var han klar for det endelege brotet. To av dei første atonale verka hans, 15 dikt frå «Den hengande hagen», Op. 15 (1908–09) og Erwartung, Op. 17, var begge bygde på radikale tekstar om «forbodne» emne som seksualitet og galskap. Schönberg sitt brot med dei tonale normene kan dermed sjåast i samanheng med dei samtidige normbrota som ekspresjonismen framkalla innanfor både litteratur og målarkunst, rørsler som Schönberg identifiserte seg tett med.

I programmet til Den hengande hagen bruker Schönberg for første gong uttrykket «dissonansen si frigjering», som illustrerer kva den atonale revolusjonen eigentleg var. Musikk med kvasse dissonansar og lange strekk utan kontakt med grunntonearten var allereie etablerte trekk i seinromantikken, særleg hos Wagner og Richard Strauss. Det Schönberg gjorde, var å «frigjere» dissonansane heilt, ved å fjerne behovet for harmonisk oppløysing, som hadde vore eit grunnleggjande trekk i den vestlege musikken.

Som venta vart ikkje den nye musikken møtt med særleg forståing hos publikum. Først med det ironiske monodramaet Pierrot lunaire, Op. 21 (1912) greidde han å få eit visst gjennomslag, og verket har sidan vorte ståande som eit sentralt verk i den modernistiske kanonen. Svært viktig var òg teoriverket Harmonielehre, frå 1911. Likevel er det ein påfallande skilnad mellom plassen hans i musikkhistoria og plassen hans i repertoaret, særleg dersom ein samanliknar han med nær samtidige komponistar som Sergej Rachmaninov og Gustav Mahler, som vert svært mykje framførte, men rekna som mindre «viktige» musikkhistorisk.

Tolvtonemusikk

Krigsåra vart tronge for Schönberg, sidan mange av studentane hans vart utkalla til militærteneste og marknaden for ny musikk meir eller mindre forsvann. Han komponerte lite, men då krigen var over, kom ei ny bølgje av interesse for verka hans. Samstundes gjekk han sjølv delvis bort frå det ekspresjonistiske uttrykket, til fordel for absolutt musikk, altså musikk som ikkje prøver å uttrykkje noko anna enn seg sjølv. Denne musikken strukturerte han med den nye tolvtoneteknikken.

Tolvtoneteknikken innebar å setje saman alle dei tolv tonane i den kromatiske skalaen til ei rekkje, og så komponere berre ved hjelp av denne rekkja, i alle moglege variantar. Denne teknikken tillét Schönberg å finne attende til fleire av dei gamle, klassiske formmodellane, noko som vert spegla i titlane på verka hans, frå dei første tolvtoneverka, Fem pianostykke, Op. 23, Serenade, Op. 24, og Suite for piano, Op. 25. til seinare verk som Variasjon for orkester (1926–28), to strykekvartettar (1927 og 1936), Konsert for fiolin (1935–36) og Konsert for piano (1942).

Schönberg flytta attende til Berlin i 1920-åra, men då nazistane fekk makta, vart det farleg å verte verande. I 1934 reiste han, først til Frankrike og så til Los Angeles, der han hadde ei stilling som komposisjonsprofessor ved UCLA heilt til han pensjonerte seg i 1944.

Kjelder

Juliane Brand og Christopher Hailey (red.): Constructive Dissonance. Arnold Schoenberg and the Transformations of Twentieth-Century Culture. Berkeley 1997. Lese på nett: http://ark.cdlib.org/ark:/13030/ft52900620/ [lesedato 4.12.2014]

Walter Frisch: The Early Works of Arnold Schoenberg, 1893–1908. Berkeley 1993. Lese på nett: http://ark.cdlib.org/ark:/13030/ft5t1nb3gn/ [lesedato 4.12.2014]

Paul Griffiths: «Schoenberg, Arnold», The Oxford Companion to Music. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t114/e5981 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 5.12.2014]

O.W. Neighbour: «Schoenberg, Arnold», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/25024 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 5.12.2014]

Alexander Zemlinsky: «Reminiscences of Youth», Arnold Schönberg zum 60. Geburtstag, 13. September 1934. Wien 1934. Sitert av Arnold Schönberg Center og lese på schoenberg.at: http://schoenberg.at/index.php/en/1934-alexander-zemlinsky-jugend-erinnerungen-2 [lesedato 4.12.2014]

Charles Stratford: «15 Gedichte aus 'Das Buch der hängenden Gärten' von Stefan George für eine Singstimme und Klavier [The book of the hanging gardens] op 15». Utan publiseringsdato, lese på schoenberg.at: http://schoenberg.at/index.php/en/joomla-license-3/15-gedichte-aus-rdas-buch-der-haengenden-gaertenl-op-15-1908-1909 [lesedato 4.12.2014]

Peikarar

Harmonielehre (1911) på nett (tysk)

Arnold Schönberg Center, sentrum for Schönberg-studiar i Wien, med stor ressurssamling på nettet


Sist oppdatert: 12.09.2020