Hopp til innhold
X
Innhald

Arthur Honegger

Arthur Honegger [ånəgεr], 1892–1955, var sveitsisk-fransk komponist. Honegger var medlem av «Les Six», ei gruppe som reagerte mot impresjonisme og seinromantikk.
 
Han skreiv fleire oratorium, mellom anna Kong David og Jeanne d’Arc på bålet, fleire operaer, fem symfoniar, programmusikk, ballettar, filmmusikk og meir.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.05.2014