Hopp til innhold
X
Innhald

Björn Afzelius

Björn Afzelius, 1947–99, var svensk komponist, gitarist og songar. Afzelius samarbeidde frå 1970-åra med Mikael Wiehe, først i det radikale Hoola Bandoola Band. Han er  kjend for mange solidaritetsarrangement, særleg for frigjeringskampen i Latin-Amerika. Afzelius fekk det store kommersielle gjennombrotet sitt i Noreg i 1991 med Tusen bitar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.04.2014