Hopp til innhold
X
Innhald

Christa Ludwig

Christa Ludwig, fødd 1928, er austerriksk songar (mezzosopran) med hovudsete i Wien.
Ludwig er ein av dei mest allsidige kunstnarane i vår tid. Repertoaret hennar spenner frå Cherubino i Figaro til Kundry i Parsifal. Ho har også sunge kyrkjemusikk og lieder, og er spesielt knytt til Mahler.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 26.05.2014