Hopp til innhold
X
Innhald

Elisabeth Söderström

Elisabeth Söderström, 1927–2009, var svensk songar (sopran). Söderström debuterte i 1947. Frå 1950 var ho tilsett ved Kungliga teatern i Stockholm. Ho gjesta alle store operahus samt festspela i Salzburg og Glyndebourne. Söderström var ei av dei få som hadde alle dei tre sopranrollene i Figaros bryllaup og Rosenkavaleren på repertoaret.
 
Frå 1993 var ho sjef for Drottningholm slottsteater. Elisabeth Söderström var skatta som romansetolkar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 29.04.2014