Hopp til innhold
X
Innhald

Franz Liszt

Franz (ungarsk: Ferenc) Liszt, ungarsk pianist og komponist. Han var den største pianisten i sin generasjon og ein leiande romantisk komponist, særleg viktig for utviklinga av pianorepertoaret og den seinromantiske harmonien.

Franz Liszt var fødd i Doborján (no Raiding) i Austerrike-Ungarn 22. oktober 1811 og døydde i Bayreuth 31. juli 1886. Musikktalentet hans var eineståande alt då han var seks–sju år gamal, og i 1822 flytta familien til Wien, slik at han skulle få profesjonell opplæring. Året etter flytta dei til Paris, der Liszt utvikla seg som pianist og komponist. Fram til 1847 var han den aller mest hylla klavervirtuosen i historia. Etter dette trekte han seg attende frå scena og vigde dei siste tiåra sine til komposisjon og direksjon av eigne og andre sine verk.

Som pianist var Liszt så dominerande at han er modell for mange profesjonelle utøvarar også i dag. Mellom anna var han den første til å spele åleine i store konserthallar, og til å spele heile konsertar utan notar, som er vanleg i dag. Han var ekstremt namngjeten i si tid, på linje med legender som Nicolò Paganini og Ole Bull. Han innførte ei rad nyvinningar i pianoverka sine, som vart standard for all pianomusikk etter hans tid. Desse nyvinningane hang òg saman med den samtidige utviklinga i pianobygginga, som tillét større fleksibilitet og tempo i spelinga enn før. Svært høge tempi og enorme krav til teknikk og rekkjevidd hos utøvaren er kjennemerke på pianomusikken hans.

Etter pianistkarrieren vart han sentral, som komponist av programmusikk, i striden mot tilhengjarane av absolutt musikk. Programmatikarane meinte at musikken kunne utvidast ved hjelp av dei andre kunstartane, medan motstandarane meinte at musikk ikkje kunne uttrykkje noko anna enn seg sjølv. Liszt introduserte sjangeren «symfonisk dikt», som vart eit særmerke for programmatikarane.

Ein gryande virtuos

Då den ti år gamle Liszt kom til Wien, fekk han to namngjetne lærarar, pianolæraren Carl Czerny og komponisten Antonio Salieri. Czerny var ein ven av Beethoven og sytte for at den unge Liszt fekk vitje meisteren våren 1823, ei oppleving han bar med seg heile livet. Det var Czerny si strengt disiplinerte trening som la grunnlaget for Liszt si fantastiske utvikling som pianist. På denne tida publiserte han òg den første komposisjonen sin.

Det opphavlege formålet med å flytte til Paris, at Liszt skulle få plass ved konservatoriet, var mislukka, då han som utlending vart nekta innpass. Dette gjorde likevel at han var meir fri til å turnere og byggje pianistkarrieren sin på eigne premissar. Mellom høgdepunkta var tre konsertturnear i England, der han etablerte det svært fruktbare samarbeidet med den franske pianoprodusenten Erard. Samstundes komponerte han mykje og fekk sett opp den første operaen sin, Don Sanche, i oktober 1825, fem dagar før han fylte 14 år.

Motoren bak den kometaktige ungdomskarrieren hans var faren, Adam, som hadde kontrollert det meste i livet hans. Då Adam døydde brått i 1827, var det eit frykteleg slag for Liszt, som vart einsleg forsørgjar av familien og måtte selje både flygelet sitt og ta lærarjobbar. Han fekk eit nervøst samanbrot og gjekk inn i ein djupt religiøs periode, og ikkje før julirevolusjonen i 1830 vart musikkinteressa kveikt i han att.

Den fremste pianisten i verda

Liszt var ein aktiv gjest i den parisiske sosieteten, saman med mange av dei leiande kunstnarane i samtida, til dømes Chopin, Berlioz, Delacroix, Balzac og Hugo. Her vart grunnlaget lagt for hans seinare tette samband mellom musikken og dei andre kunstartane. Den hendinga som var avgjerande for at Liszt vende attende til konsertscena, var at han høyrde Paganini spele i april 1832. Då bestemte han seg for at han ville gjere for klaveret det Paganini hadde gjort for fiolinen. Den endelege returen kom ikkje før i 1838, då han heldt seks konsertar i Wien. Der presenterte han, til stor fagnad, den nye pianostilen sin, som hadde gått igjennom ei drastisk utvikling.

Frå 1839 eksploderte karrieren hans, i ein uavbroten suksess nesten utan like i musikkhistoria. Han turnerte intensivt i heile Europa, inkludert Tyrkia og Russland, og heldt godt over tusen konsertar i åra fram til 1847. Den enorme merksemda rundt konsertane og den ekstreme åtferda til tilhengjarane hans kan best samanliknast med det som skjer rundt dei største popartistane i vår tid, og vart av Heinrich Heine karakterisert som «Lisztomania» – opphavet til seinare omgrep som «Beatlemania».

Ein radikal komponist

I 1847 avslutta Liszt pianistkarrieren og flytta til Weimar, der han tok ein post som kapellmeister i byen. Han ønskte meir tid til å komponere og ville prøve å lage «eit Aten i nord», eit nytt kultursentrum i Europa. Liszt omgav seg med viktige kunstnarar og brukte stillinga til å styrkje orkesteret i byen og fremje moderne musikk, slik som til dømes premieren på Wagners Lohengrin i 1850.

I Weimar gjekk Liszt meir og meir over til å komponere for symfoniorkester, i staden for klaver. Han skreiv 12 symfoniske dikt som alle var bygde på ein utanommusikalsk inspirasjon. Dette var typisk for den radikale stilen han no stod for, ein stil som stod i skarp motstrid til dei konservative romantikarane, til dømes Brahms og Schumann.

I 1859 flytta Liszt til Roma, tok til å komponere kyrkjeleg musikk, fekk tittelen abbed og vart ven med pave Pius 9. Mot slutten av livet fekk han eit sterkare forhold til heimlandet Ungarn, og dei siste 15 åra veksla han mellom å bu i Roma, Weimar og Budapest, der han var utnemnd til direktør for det nystarta, keisarlege musikkakademiet.

Dei mange vanskane og vonbrota seint i livet fylte musikken hans med mykje mørke og depresjon, som mellom anna gav seg utslag i ein endå meir radikal bruk av tonalitet og akkordar. Dette peika framover, både mot impresjonismen (Debussy vitja han i Roma og høyrde han spele) og mot seinromantikken og atonaliteten. Liszt døydde i Bayreuth, som æresgjest på Wagner-festspela som dottera Cosima, enkja etter Wagner, var direktør for.

Video: Lydfil med fleire av Liszt sine komposisjonar.

Kjelder

Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music, Sixth Edition. New York 2001

Kenneth Hamilton: «Liszt, Franz», The Oxford Companion to Music. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t114/e4010 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 16.12.2014]

Alan Walker et al.: «Liszt, Franz», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/48265pg15 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 16.12.2014]


Sist oppdatert: 22.10.2019