I 1734 starta Händel igjen eit nytt selskap i Covent Garden, men vart i 1737 ramma av eit slaganfall og vart delvis lam i høgre side. Han vart etterkvart betre og skreiv endå nokre operaer. Sidan det første opphaldet i Italia hadde Händel skrive fleire oratorium, og då operasesongen i 1739 måtte avlysast, skreiv han dei to oratorium Saul (HWV 53) og Israel in Egypt (HWV 54) i staden.
Händel gjekk i sine siste leveår hovudsakleg over til å skrive oratorium. Oratoria er ikkje å oppfatte som kyrkjemusikk, sjølv om dei fleste er bygde på religiøs tekst, men som konsertmusikk. Dei skiller seg frå operaene hans ved at dei ikkje er tenkte scenisk, med utbreidd bruka av kor og ved at teksten er på engelsk. Han la større vekt på koret enn vanleg, inspirert både av den tyske bakgrunnen sin og den sterke engelske kortradisjonen.
Han oppdaga snart at det var enklare å oppnå profitt når han skreiv engelske oratorium, sidan han då slapp utgiftene til kostyme og kulissar, og ikkje trong hyre inn italienske songarar. Ved å bruke språket i landet stykket skulle setjast opp i, samt velkjende bibelske emne, vende Händel seg på mange måtar til eit nytt publikum i det framveksande borgarskapet. Denne befolkningsgruppa kom til å dominere det offisielle musikklivet i seinare generasjonar.
Med samtidig bruk av korsatsar med ariar og resitativ kombinerte han alle vokalsjangrane han var ein meister i, og tok i 1742 det endelege steget med Messias (HWV 56), eitt av dei aller fremste verka Händel komponerte. Her oppnådde han ein ideell balanse mellom koret og solistane. Den eineståande evna hans til å gjere musikken god å syngje for koristane har vore sentral i den ubrotne framføringstradisjonen verket har hatt sidan premieren.
Forutan operaer og oratorium komponerte Händel òg mykje instrumentalmusikk, der han særleg bygde vidare på Arcangelo Corelli.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.