Hopp til innhold
X
Innhald

George Harrison

George Harrison, 1943–2001, var britisk gitarist, vokalist og komponist. Harrison var medlem i The Beatles. I tillegg tok han initiativ til den store «Concert For Bangla Desh» i 1971, og same året hadde han stor suksess som soloartist med All Things Must Pass. Sidan var Harrison engasjert i mellom anna filmproduksjon.
 
Han hadde ein kunstnarisk renessanse mot slutten av 1980-åra med albumet Cloud Nine (1987), og som medlem av gruppa The Traveling Wilburys.
 
Foto: Carla do Brasil, Flickr.com CC BY-NC-ND
Foto: Carla do Brasil, Flickr.com CC BY-NC-ND

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014