Hopp til innhold
X
Innhald

Gioacchino Rossini

Gioacchino Antonio Rossini, 1792–1868, var italiensk komponist. Rossini skreiv om lag 40 operaer, og mellom dei kan ein nemne Barberaren i Sevilla, Askepott og Italienarinna i Alger.
Ouverturane hans er populære som konsertrepertoar. Den siste operaen sin, Wilhelm Tell, skreiv han i 1829. Ein bør også nemne Stabat mater og Petite messe solenelle, samt eit utal «alderdomssynder».

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.05.2014