Faktaboks

Giovanni Pierluigi da Palestrina
Uttale
palestrˈina
Fødd
1525, Palestrina nær Roma
Død
2. februar 1594, Roma
Levetidskommentar
omtrentleg fødselsår
Giovanni Pierluigi da Palestrina

Giovanni Pierluigi da Palestrina var ein italiensk komponist som vart kalla den katolske kirkemusikkens største meister. Han blei i 1544 organist og kapellmeister i heimbyen Palestrina.

Giovanni Pierluigi da Palestrina var ein italiensk komponist av vokal kyrkjemusikk. Han er den høgast vurderte av alle kyrkjekomponistane frå renessansen og ofte kalla «prinsen av musikk».

Som barn song han i koret til Santa Maria Maggiore-kyrkja i Roma, der han truleg òg fekk undervisning i harmonilære.

I 1544 fekk han ei stilling som organist i heimbyen, som han heldt til 1551, då han vart tilsett som kormeister i Det julianske kapellet i Vatikanet. Frå 1555 hadde han liknande stillingar i både Laterankyrkja, Santa Maria Maggiore-kyrkja og i privat teneste, før han kom attende til Det julianske kapellet i 1571.

Palestrina skreiv i den katolske polyfonitradisjonen (fleirstemmig vokalmusikk) og var den fremste komponisten innanfor den såkalla «gamle stilen» (stile antico), som er kjenneteikna av ei konservativ tolking av reglane for fleirstemmige satsar. Han var òg den komponisten som aller mest effektivt greidde å sameine den gamle polyfonitradisjonen med motreformasjonen sine nye krav til forståelege tekstar. Pave Marcellus-messa står som det mest fullkomne dømet, sjølv om legenda om at denne messa åleine redda den katolske polyfonien er usann.

Palestrina skreiv nesten berre kyrkjemusikk, og stilen hans er kjenneteikna av ein eineståande kontroll over både harmoni og stemmeføring. Melodilinjene hans er lange og har tydeleg dramaturgi, både individuelt og kollektivt. Komposisjonsstilen hans vart granska og teken vare på, og danna grunnlaget for komposisjonsundervisinga verda over i fleire hundreår etter at han var død.

Palestrina og pave Julius 3.

Vi veit rimeleg lite om Palestrina sin oppvekst. I eit dokument frå 1537 står han oppført som korgut i Santa Maria Maggiore-kyrkja, men kva tid han kom, og kor lenge han var der, veit vi ikkje. I 1544 fekk han stillinga som organist og songlærar i Agapetus-katedralen i Palestrina.

Då pave Paulus 3. døydde i 1549, vart biskopen av Palestrina vald til ny pave. Det var han, pave Julius 3., som henta Palestrina til Vatikanet i 1551. Palestrina svarte med å skrive Ecce sacerdos magnus-messa, publisert saman med to andre i 1554. Dette verket syner ein allereie moden komponist, som til fulle meistrar stilen til dei nederlandske førebileta sine, Willaert og des Prez. Til då hadde alle dei viktige komponistane i den katolske kyrkja vore utlendingar, og Palestrina vart den første italienske komponisten som hevda seg.

Sjølv om Palestrina var gift, gav paven han i 1555 plass i det prestisjetunge pavekoret i Det sixtinske kapellet. Men Julius 3. døydde berre tre månader etterpå, og då pave Paulus 4. kom til trona, fekk Palestrina sparken. Han tok no over som kapellmeister i Laterankyrkja.

Motreformasjonen og Pave Marcellus-messa

Sidan mellomalderen hadde den polyfoniske musikken vorte meir og meir kompleks, og på Palestrina si tid var det vanleg at dei liturgiske tekstane i kormessene var lite forståelege, på grunn av alle dei ulike røystene som gjekk mot kvarandre. Sjølv om det mektige Trient-konsilet ikkje enda opp med å vedta noko konkret om krav til forståelege tekstar i kyrkjemusikken, vart det diskutert, og mange stader kom det innstrammingar i kjølvatnet av konsilet.

Pave Marcellus-messa var med i den andre messesamlinga til Palestrina i 1567, skriven til ære for Marcellus 2., som døydde i 1555 etter berre tre veker som pave. Palestrina skreiv i dedikasjonen at messene var skrivne «på ein ny måte», utvilsamt ein referanse til kravet om meir forståelege tekstar. Denne nye måten kan ein høyre i dei liturgiske ledda, som har mykje tekst, der han no i hovudsak skreiv «homofon» musikk, og der røystene syng meir eller mindre same rytmen, ofte med berre éin tone på kvar staving (syllabisk). I ledda med lite tekst, som «Kyrie» og «Agnus Dei», skreiv han framleis polyfont, men la vekt på at orda skulle ha eit meir naturleg trykk.

Ettermæle

Palestina sitt ry som komponist hadde vakse jamt utover 1560-åra. Han hadde hatt prestisjetunge stillingar og fleire lukrative jobbilbod, til dømes hos keisar Maximilian 2. i Wien. Men han ville vere i Roma, og i 1571 fekk han endeleg attende stillinga i Det julianske kapellet, der han vart verande resten av livet. Han døydde i 1594, hylla og namngjeten, og vart gravlagd i det gamle kapellet til Peterskyrkja.

Palestrina vart opphøgd til idealet av «stile antico», og populariteten hans hos dei geistlege gjorde at mange kyrkjekomponistar heldt fram med å komponere i stilen hans, lenge etter at han eigentleg hadde vorte «gamaldags» utanfor kyrkja. Over hundre år etter at Palestrina døydde, danna denne stilen grunnlaget for det svært viktige læreverket Gradus ad Parnassum («Stega til Parnasset», 1725), av austerrikaren Johann Joseph Fux. Sjølv i dag vert komposisjonsstudentar trena i «Palestrina-stilen».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Fellerer, Karl Gustav: Palestrina: Leben und Werk, 2. Aufl., 1960
  • Garratt, James: Palestrina and the German Romantic Imagination, 2002
  • Heinemann, Michael: Giovanni Pierluigi da Palestrina und seine Zeit, 1994
  • Jeppesen, Knud: Palestrinastil: med særligt Henblik paa Dissonansbehandlingen, 1923
  • Pyne, Zoë Kendrick: Giovanni Pierluigi da Palestrina, his Life and Times, 1922
  • Schlötterer, Reinhold: Der Komponist Palestrina: Grundlagen, Erscheinungsweisen und Bedeutung seiner Musik, 2003

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg