Hopp til innhold
X
Innhald

Johann Strauss d.y.

Johann Strauss d.y., 1825–99, var austerriksk komponist og son av Johann Strauss d.e. Strauss er rekna som sjølve «valsekongen», med udøyelege valsar som Rosen aus der Süden, Geschichten aus dem Wienerwald, Kaiserwalzer og An der schönen blauen Donau.
 
Han skreiv også operettar som Flaggermusa, Sigøynarbaronen og Ei natt i Venezia. Dessutan skreiv Strauss eit utal polkaer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.05.2014