Johannes Brahms
Johannes Brahms, 1833–97, var tysk komponist og ein av dei mest ruvande personane i musikkhistoria. Brahms blir kalla «den siste klassikaren». Han skreiv mellom anna fire symfoniar, to klaverkonsertar, ein fiolinkonsert, ein dobbeltkonsert for fiolin og cello, og mengder av songar og klaverkomposisjonar, som
Ein Deutsches Requiem,
Altrapsodien,
Akademisk festouverture og
Tragisk ouverture, samt
Haydn-variasjonane. Brahm skreiv også kammermusikk.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 02.09.2015