Hopp til innhold
X
Innhald

John Lennon

John Lennon, 1940–80, var engelsk popmusikar, songar, gitarist og komponist. Lennon var medlem av den legendariske gruppa The Beatles og skreiv mesteparten av melodiane saman med Paul McCartney.
 
Etter at The Beatles vart løyst opp i 1970, heldt han fram den musikalske karrieren sin på eiga hand og saman med kona Yoko Ono. Slutten av karrieren hans bar preg av sterkt samfunnsengasjement.
I 1980 vart Lennon skoten ned og drepen i New York av ein sinnsforvirra beundrar.
 
Foto: Roberto Rizzato. Flickr.com CC BY-NC-SA
Foto: Roberto Rizzato. Flickr.com CC BY-NC-SA

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 26.05.2014